Frå heftet "Myraslekta".
Litt om gardssoga
Lillebø er eit vanleg namn i bygdene her, og tyder "den vesle bøen", eller "den vesle buplassen". Denne garden er kanskje opphaveleg rydda av Svein Olsson, og høyrde då under garden Dale.
I eit brev på Dale frå 1566 er det nemt at Svein Olsson bygde og tok opp att garden Lillebø. Svein var i slekt med Gudrid i Dale. Gudrid klaga Svein fordi han med vold og urett hindra bu- ræsene og fedrift, reiv ned gjerde, skadehogg skogen, reiv "never, bander, blotter og formaledider" og ikkje heldt den semja som var vedteken om korleis garden skulle brukast. Det var framme sak om dette på Bergenhus. Svein hadde då med eit brev med underskrifter frå godt folk som vitna at han hadde ført seg vel i bygda. Same saka hadde elles ofte vore for retten, og alltid hadde dei vorte samde. Men Svein vart no dømd til å flytte frå bruket den første fardagen, og Amund Bentsson fekk pålegg om enten å betale for den ryddinga Svein hadde gjort, eller gje han ein annan gard. Det ser likevel ut til at Svein ikkje flytte. -
I 1636 selde Jon Sveinson Lillebø eit gaupeskinn utan å by det fram for kongens oppkjøpar, og fekk 7 daler i bot. Og noko seinare var han med på å fiske med krokvad mot forordninga, og fekk igjen bot for dette lovbrotet sitt.
Frå 1763 var det her på garden Lillebø, oppdelt jordeigedomen til 4 sjølvstendige bruk. Og i matrikkelkomisjonen for 1863 rekna dei bruket Myra, med ei avling på 20 tønner havre og 10 tønner potet. Her var også skog nok til huset. Og vassfall til kvern på bruket, og ei avling på 38 skippund høy. Dyretalet på dette bruket var då 1 hest, 8 kyr og 26 småfe.
Tidlegare var heile garden bondegods, men i 1661 var Jørgen Panter på Bønnestad eigar av 2 1/2 melag, og Jens Gunnarson i Eiksund åtte 2 mel. I 1674 åtte Mag. Christ. Pedersen dette, og i 1699 var Kolbein Ødegard på Vartdal eigar.
Frå han gjekk så garden i arv til Rødsetætta. Mads Johannesson Rødset ervde ein part, og den andre kjøpte han i 1762. Hans Brandal Rødset selde så til Claus Frimann den 17 okt. 1789. På skifte etter Frimann fall garden på Else Latrine Malte D. Tonning. Lensmann Wiig i Ørsta fekk tak i ein part som han selde til prokurator Sanne den 22 nov. 1875.
I 1863 overtok Ole Rasmusson Lillebø dette bruket den 23 juni, som han bygsla av prokurator Sanne. Han hadde året før gift seg med Pernille Karlsdotter Kornberg. Og den 20 okt.1882 kjøpte dei så bruket for kr. 1.200.
Vis større kart