Artikkelen er delt i fire:
Kornbergstova og folket som budde der
Kornbergstova og folket som budde der: Steffen Karlson Mån (1803-1869)
Kornbergstova og folket som budde der: Steffen Kornelius Kornberg (1835-1895)
Kornbergstova og folket som budde der: Steffen Johannes Kornberg (1863-1946)
Ein tiltøk kar
Me veit ikkje så mykje om den første ungdomstida til Steffen Karlson. Soga seier at han reiste tidleg ut frå barndomsheimen på Måna for å tene på Bjørkedalen. Han skal ha vore dreng i Larsgarden på Nøredalen i fleire år. Det ligg nær å tru at han slapp til både i båtskotet og i smia, når det ikkje var noko som skulle gjerast på garden elles. Folket på garden sette pris på den framtøke austefjordingen, noko som skulle kome han til nytte seinare.
Han utvikla seg etter kvart til å verte ein flink handverkar. Særleg hadde han godt lag med å bygge båt, og han meistra arbeid i tre og jarn like godt. Kring 1830 fekk Rasmus Aarflot, som då var tingmann frå Romsdal Amt, i oppdrag av ein kollega frå Toten å skaffe han ein flink båtbyggjar frå Sunnmøre, som kunne kome ned til Mjøsa og bygge ein åttring dei ville bruke til å føre krøter på. Aarflot hadde høyrt om det gode ryktet til Steffen, og han fekk førespurnad om han kunne ta på seg jobben. Steffen som den gongen var 25 år, sa seg villig til å reise. Soga fortel at åttringen vart levert med segl og fullt reide, som det heiter. Dette kan tyde på at Steffen også hadde lært seg dei mest elementære ting av seglmakarkunsten. Som hjelpesmann, vert det fortalt, at han hadde med seg ein unggut frå Telset som heitte Anders. Dette må sikkert vere ei mistyding,då ein i bygdesoga under Telset ikkje kan finne nokon med dette namnet der. Karane fekk i alle fall mykje skryt og vellæte for arbeidet sitt av "skipsreiaren" på Toten.
Nyefolket flytter til
I 1835 vart Steffen Karlson Mån gift med Johanne Olsdotter Strand, f. 1806, frå garden Jostranda i Dalsfjorden. Han flytte til Jostranda etter bryllaupet og budde der til 1839, då han saman med Johanne og eldste sonen, som var fødd på Jostranda, flytte til Kornberg - til garden han hadde kjøpt i 1837. Johanne hadde vakse opp på det einbølte, skredfarlege bruket i Dalsfjorden, og var såleis van med om lag same naturtilhøve som ho kom til på Kornberg.
Steffen hadde kjøpt garden for 150 spesiedalar. Det er nok lite Irulcg at den unge mannen kunne skaffe så mykje pengar utan å låne. Dette var før Volda & Ørsta Sparebank var skipa, så han måtte vel ty til å låne av ein privatmann. Det er nærliggande å tru at han lånte av den legend-ariske krøterhandlaren Johannes Anderson Øren på Engeset i Volda. Det veit ein at grannen i Karlagarden gjorde då han kjøpte bnr. 2.
Det trongst vel at den nye gardeigaren var flink med hendene, for husa på Kornberg var i svært dårleg stand. Garden var nok ikkje av dei mest attraktive plassane, for bygslarane hadde skifta ofte. Vedlikehaldet hadde vore forsømt både av presten og dei som var bygslarar. Særleg var det ille med det vesle stovehuset med hellelagt jordgolv. Det var så elendig at snøen dreiv inn gjennom sprekker i ytterveggane dei verste stormdagane vinterstida. Fleire born kom til etter kvart. Odelsguten, som fekk namnet Steffen Kornelius, fødd 1836, var alt tre år då dei flytte til. I 1839 vart Kristine Elisabet fødd. Ho vart gift til Valderhaug i Giske. Den neste var Oline Marta som vart fødd i 1842. Ho vart busett på Rovdestranda. Til sist kom to gutar: Rasmus Olai fødd 1845 og Sivert fødd 1853. Rasmus lærte seg til skomakar og reiste rundt på bygdene med skomakarskrinet sitt. Sivert lika seg best i smia, der han saman med faren laga sauesakser, navrar og andre bitjarn i ledige stunder. Han reiste rundt og selde av smedvarene sine, og tente mang ein skilling på handverket sitt.
Med så mange born i huslyden vart det skrøpelege bustadhuset alt for lite, og Steffen skjøna snart at han måtte prøve å få seg eit betre og større hus. Han grunda nok på korleis han skulle klare dette økonomisk. Problemet såg ut til å vere uløyseleg! Men brått vart det ei råd. For nett då Steffen trong det mest, slo det til med eit rikt sildefiske. Det vert fortalt at silda kom heilt inn i Rovdefjorden. Alle som hadde likt til båt og nokre garnfiller, tok del i brotfisket, såleis også karane på Kornberg og i Nautvika. Silda vart godt betalt, og folket fekk brått pengar mellom hendene.
Steffen Karlson kjøper brukthus på Bjørkedalen
Me veit ikkje sikkert kva år dette gode sildefisket gjekk føre seg, men ein tek nok ikkje mykje feil om ein gissar på at det var ein gong kring 1845. No vart det ei råd for Steffen å få seg eit betre stovehus. Tankane tok nok til å krinse om Bjørkedalen,der han var så godt kjend, og hadde så mange vener. I så måte trong han ikkje tenkje lenger enn til folket i Larsgarden. Der visste han at det stod ei eldre røykstove i det gamle klyngetunet som skulle bort.
Eit av første åra etter 1845 kan ein gisse seg til at Steffen tok turen til Bjørkedalen for å sjå på brukthus. Det er rimeleg å tru at han først reiste til Larsgarden, der han var kjend med folket frå før. No kom det han til gode at folket på garden hadde lært å setje pris på han dei åra han hadde vore dreng hjå dei. Her stod den utrangerte stova med ljore i taket, som Steffen godt kunne tenkje seg som ein sentral del av det "nye" huset han ville bygge på Kornberg. Husbonden i Larsgarden lova Steffen at han skulle få kjøpe. Ingen kunne gjere fullt greie for kor gamalt huset var, for tømmeret var friskt og godt, men byggemåten vitna om at huset kunne vere fleire mannsaldrar. Nokre av stokkane bar jamvel preg av å ha vore brukt i eit eldre hus tidlegare. Det er truleg at huset den gongen ikkje hadde tregolv, men berre eit utplanert hellelagt jordgolv.
I tillegg til sjølve stova, kjøpte han også nytt tømmer som kunne brukast til det nye kammerset han ville bygge til mot aust, saman med materialar til lenging av huset eit par meter mot vest. Der fekk han ei god bud med loftrom over til kle og anna. Her i vestenden mura han opp gavlveggen av gråstein til rafta, som vern mot hardveret frå vestleg kant. Steffen reiste attende til Kornberg med måla av huset han hadde fått på hand, og tok til på tomt og grunnmur. No ville han ha kjellar under huset, slik at den gamle røykstova no fekk bjelkar og tregolv som underlag.
Då huset skulle rivast i Larsgarden og flyttast til Kornberg, vert det fortalt at folket på Bjørkedalen heldt stor dugnad. Først med å plukke ned tømmeret og føre det ned til Kile - men ikkje nok med del - dei hjelpte også til å få det i båt og føre det ut til Kornberg. Nokre var jamvel så hjelpsame at dei var med å bere materialane opp i tunet.
Dette skulle seie noko om kor omtykt Steffen Karlson hadde vorte på Bjørkedalen dei åra han hadde vore dreng der framme. Då "nyehuset" var ferdig vart det trivlegare butilhøve for folket i Steffågarden. Etter vår tids målestokk var vel det nye huset heller dårlege greier, men slik småkårsfolk hadde det den gongen var dette eit etter måten brukbart hus - ja betre enn hjå mange tindre. At dette huset skulle få æra av å verte flytt til Haueleitet ved foten av Rotsethornet ca. 100 år seinare, og der verte ein sentral del av Volda Bygdetun, hadde vel Steffen Karlson Mån aldri kunne ha tenkt seg.
![]() |
Fra Kornbergslekta |
Men også folket i Steffågarden fekk røyne at livet kan vere hardt og nådelaust. Den leide, smittsame sjukdomen tuberkulose - eller tæringa, som folk flest kalla denne sjukdomen, slo ned i denne heimen og - som i så mange andre. Først vart Rasmus sjuk og døydde berre 30 år gamal. Litt seinare gjekk det same vegen med Sivert. Denne tragedien slapp heldigvis faren å oppleve, for han døydde allereide i 1869, berre 65 år gamal.
Det er ting som tyder på at han tok til å verte helselaus og utsliten allereide før han var 60 år, for sonen Steffen Kornelius fekk skøyte på garden for 300 spesiedalar i 1864. Ein kan elles undre seg på om Steffen Karlson ikkje hadde lært å skrive. Eller er det på grunn av sjukdom han har skrive under skøyta med påhalden penn?
Red. anm 15.5.11 : På Volda bygdetun sine Facebooksider står det skrive at ein av båtane som Steffen Karlson Mån bygde er å finne i I Bjørkedal båtsamlingar: "I Bjørkedal båtsamlingar finst ein båt Stefen Karlson Mån har bygd. Ein 15 fots storfæring som han brukte til fiske og frakt. Han bygde båten samme året som han flytta til den veglause garden på Kornberg.".