Denne artikkelen er skriven av Sverre Kvangarsnes og publisert i Voldaminne - årsskrift 2003.
Artikkelen er delt i fire:
Kornbergstova og folket som budde der
Kornbergstova og folket som budde der: Steffen Karlson Mån (1803-1869)
Kornbergstova og folket som budde der: Steffen Kornelius Kornberg (1835-1895)
Kornbergstova og folket som budde der: Steffen Johannes Kornberg (1863-1946)
Artikkelen er linka inn til frå Volda Bygdetun sine Facebooksider.
Her dei sin heim og hugnad fann...
I 1837 kjøpte den 32 år gamle Steffen Karlson Mån frå Austefjorden det eine av dei to bruka på Kornberg. Kva namn dette bruket hadde hatt for Steffen kjøpte, veit ein ikkje. Men etter at han kom der fekk bnr. I namn etter den nye eigaren, og har sidan vore kalle "Steffågarden".
Det andre bruket, bnr. 2, vart nokre år seinare kjøpt av Karl Andersson Kornberg som løyste inn bygslet då han tok over bruket etter faren. Dette bruket fekk då namnet "Karlagarden". Dei to bruka hadde vore kyrkjegods så lenge nokon veit om, men ved desse tider tok staten til å selje unna av kyrkjegodsa, og let folk som var interesserte i å verte sjølveigarar få kjøpe.
Gardane på Kornberg ligg i bratthallet på neset under det 577 meter høge fjellet Viten, der Dalsfjorden skil lag med Voldsfjorden. Bøane vender mot nord og ligg utsette til for ver og vind frå nord og vest, og det høge fjellet tett innpå tek bort sola mykje av året. Då er det betre tilhøve i Nautvika, gardane bak neset ein kilometer lenger inne. Der vender bøane i sørleg lei, og sola er ikkje borte sjølv når ho er på sitt lågaste.
Vis større kart
I dag vert Kornberg og Nautvik rekna som ein del av Folkestadbygda og samfunnet der, med sams skule og andre ting. Den gongen Steffen Karlson kjøpte gard på Kornberg, var det ikkje veg gjennom den fem kilometer ulendte strandsida til Folkestad, så folket måtte i båt om dei skulle nokon stad. Det var såleis ikkje noko Gosen som venta den nye gardeigaren og huslydrn hans på Kornberg.
Ved desse tider var det elles ikkje så flust av plassar eller gardar i bygdene her som ikkje var i bruk. Folketalet i landet auka, og enno var det nokre år att før emigrasjonen til Amerika tok til.
Derfor var folk glade til når dei fann seg ein stad der det var ei aldri så lita von om å kunne brødfø seg. I dei fleste tilfelle var det eit spørsmål om eit vere eller ikkje vere. Om det ikkje låg så vel til rette her på Kornberg frå naturen si side, så kunne dei rå seg sjølve utan innblanding frå andre. Dei små åkerlappane gav dei korn og poteter, og frå fjøsen fekk dei mjølk og kjøt. Frå dei gode fiskeplassane rundt Kornbergsfluda fekk dei det meste av det som trongst av fisk.
Det var sjølvsagt eit hardt slit gjennom heile året. Særleg var det hardt om sommaren når alt vinterforet til krøtera skulle bergast i hus. Det meste av det buskapen skulle ha måtte sankast saman med stuttorv i ur og skrapmark, for dei små dyrka bøtene måtte nyttast til åker for korn og poteter. I denne årstida var det ikkje alltid at døgnet hadde nok timar.