tysdag 19. april 2011

Kornbergstova og folket som budde der: Steffen Kornelius Kornberg (1835-1895)

Denne artikkelen er skriven av Sverre Kvangarsnes og publisert i Voldaminne - årsskrift 2003.

Artikkelen er delt i fire:

Kornbergstova og folket som budde der
Kornbergstova og folket som budde der: Steffen Karlson Mån (1803-1869)
Kornbergstova og folket som budde der: Steffen Kornelius Kornberg (1835-1895)
Kornbergstova og folket som budde der: Steffen Johannes Kornberg (1863-1946)




Ein ny generasjon held fram

No var det Steffen Kornelius som vart ny husbond i Steffågarden. Han tok gard og hus i bruk saman med Dorte Marie Torbjørnsdotter (1830-1917) frå Lisjebakken på Bjørneset, som han gifte seg med i 1863. Her delte ungefolket, gamlefolket og dei heimeverande syskena huset etter beste skjøn. Det var nok trongrømt og lite høve til privatliv i det overfylte huset, men desse tilhøva måtte dei berre finne seg i, heilt til gamlekona Johanne døydde i 1879.

Steffen Kornelius og Dorte var ivrige jorddyrkarar som rydde mykje nytt åkerland. Dorte var sterk som ein kar, og stod jamsides med mannen i nybrotet. Mange terrassemurar og steingardar som syner på garden i dag er deira verk. Gode steingardar trongst for å halde krøtera borte frå bømarka. Dei hadde geiter på garden i dei dagar, og det var mykje møde med å halde desse borte frå åker og eng.

Kornberg var utsett for steinsprang frå fjellet. Av og til hende det at svære steinblokker kunne kome rausande nedetter fjellsida. Her tok Steffen seg i ferde med å setje opp ein vernemur nokre meter ovanfor husa. Det høvde så godt at han kunne rydje stykket ovanfor for stein, og legge opp den veldige steinvoren som ligg her i dag. Han søkte amtet om tilskot til sikringsvollen, men pengane sat visst ikkje laust den gongen heller - han fekk 40 kroner som påskyning. Det store brattlendte stykket lengst mot nord på bøen som vert kalla Skylteigane, rydde han og Dorte for stein og krattskog til brukbart åkerland.

Storsatsinga i det bratte vonlause lendet synte att. Det gav folket på Sætre på andre sida av fjorden høve til på fleip å kalla nybrotet til Steffen for "Havet". Men han fekk etter kvart synt sæsskarane kva seig vilje og trott kunne utrette. For nybrotet vaks år for år, og til sist hadde han fått dyrka opp seks dekar av den urydde utmarka.

Dorte Marie og Steffen Kornelius fekk tre born. Først kom odelsguten i 1863 som fekk namnet Steffen Johannes Laurits. I 1864 fekk dei ei jente som fekk namnet Johanne. Ho døydde då ho var ni år. Så kom ei jente til i 1870. Ho fekk namnet Tommesine, og vart seinare gift til Hjellbakke i Austefjorden.

Steffen Kornelius vart i 1877 utsett for ei stygg skyteulukke som han hadde mein av så lenge han levde. Dette hende på bryllaupsdagen til Anne Gurine i Karlagarden, som gifte seg oppatt med Lars Rasmusson Ekset. Då kyrkjebåten etter vigsla i Voldskyrkja kom opp under Kornbergs-landet, skulle Steffen skyte salutt med eit gamalt munnladningsgevær. Det er truleg han hadde lødt i meste laget, for den gamle bjørneborsa tolde ikkje påkjenninga og gjekk i knas mellom hendene hans. Seinare var han mykje plaga av skaden han fekk. Dette var nok medverkande til at han døydde då han berre var 59 år gamal. Han måtte ha hatt ein seig vilje, for han heldt ut som full arbeidskar både på sjø og land saman med grannane sine. Siste fiskja rodde han i 1892, tre år før han døydde.


Fra Kornbergslekta


Dagleglivet når karane var på fiske
Om vinteren, den tida torsken kom under sunnmørskysten for å gyte, rusta karane i grenda ut sin eigen storebåt og drog ut i Stevika på Remøylandet. Der tok dei inn i rorbua dei hadde til felles bruk saman med eit anna fiskjelag. Kva slag båttype dei bruka veit ein ikkje sikkert. Han var vel neppe så stor som ein åttring. Båten vart for lang tid sidan seld til Herøy Kystmuseum, og vart etter at han ikkje lenger vart brukt til fiske, ombygd til eit anna føremål. Men dagbøkene som karane førte i fisketida, fortel at dei var eit mannskap på sju ombord.

Heime i stova på Kornberg sat Dorte, gamle Johanne og borna og ottast for dei som var på havet. Mange redde tankar og varme bøner fann nok vegen opp frå den vesle tømmerstova, når snøveret og nordvesten ulte rundt novene. Men dei sat ikkje gjerandslause med hendene i fanget, for no var det rette årstida for alt innearbeid som kvinner og born måtte ta seg av. Først og fremst var det stell i fjøs og løe, og alt arbeid som høyrer til avdråtten frå dyra, som mjølking, kinning, ysting og anna. No skulle det spinnast, vevast og spøtast. Alt måtte setjast i god stand til våren kom, for då måtte kvinner og bom ut att til arbeid på åker og eng jamsides med karane.

Dagslyset måtte nyttast vel, for ut på ettermiddagen vart det skymt og dårleg lys inne i den heller mørke stova med berre eitt vindauge på ein liten kvadratmeter, og det vesle mest ugjennomsiktige skjåglaset i ljoren som einaste lyskjelde. Derfor var det naudsynt med kunstig lys så snart ein ikkje såg lenger. Då var det jamnast å svinge fram kola, fylle på tran, eller lyse som det vart kalla, "snyte" veiken og tenne på. Lyset frå kola var svært dårleg til arbeid som kravde at ein såg godt, og den sure trana både lukta og sota meir enn godt gjorde. Men hadde ein god råd, så kunne ein av og til unne seg å brenne eit talglys i tillegg. Betre vart det leid lenger ut i hundreåret då parafinlampen kom i bruk; då vart det verkeleg lyst i stova. Det var berre ein feil med parafinen - han måtte kjøpast, og pengar var alltid mangelvare.

Vinterstida vart det halde skule rundt på gardane. Skulen gjekk på omgang med ein bolk på eit par veker på kvar gard. Læraren følgde med på lasset saman med skrinet sitt, og hadde mat og husrom så lenge han heldt skule på garden. Læraren lika seg godt i Kornberstova, for det var utan samanlikning det rØmlegaste skuleromet som beid i heile grenda. Der var også høgt under taket i den gamle røykstova, og vart det for dårleg luft i romet, kunne ljoren i taket opnast med enkle grep. Korleis det var med arbeidsro i skulelokalet, der folket elles i huset stelte med sine daglege gjeremål, kan ein verkeleg undrast på. Men dei gamle omgangsskulelærarane hadde vel sine innarbeidde knep for å halde oppe disiplinen.