tysdag 19. april 2011

Kornbergstova og folket som budde der: Steffen Johannes Kornberg (1863-1946)

Denne artikkelen er skriven av Sverre Kvangarsnes og publisert i Voldaminne - årsskrift 2003.

Artikkelen er delt i fire:

Kornbergstova og folket som budde der
Kornbergstova og folket som budde der: Steffen Karlson Mån (1803-1869)
Kornbergstova og folket som budde der: Steffen Kornelius Kornberg (1835-1895)
Kornbergstova og folket som budde der: Steffen Johannes Kornberg (1863-1946)




Dei siste som budde i Kornbergstova
Den neste brukar og husbond i Steffågarden vart no Steffen Johannes. Han skulle verte den siste som budde i Kornbergstova. Mora, Dorte Marie, gav han skøyte på garden då han var 34 år gamal og gifte seg med Karen Birgitte Olsdotter Lillebø frå Dalsbygda, fødd 1868.

Eg kan då legge til at Steffen Johannes og Karen Birgitte vart mine besteforeldre på morsida. Steffen Johannes måtte tidleg ta del i alt arbeid på garden saman med foreldra, som skikk og bruk var. Dyrking av jord og forbetring av bruket som foreldra hadde vore så opptekne av, smitta over på sonen. Etter kvart han voks til viste det seg at guten også sat inne med gode evner i teoretisk lei. Etter det ein kan skjøne av papir og bøker han etterlet seg, hadde han i ungdomsåra større sans for bøker og det som rørde seg på det åndelege området enn det reint matnyttige strevet på garden. Han las og studerte alt som den gongen var tilgjengeleg for han, og tileigna seg kunnskap på mange ulike område.

I 1888, då han var 25 år gamal, fekk han høve til å gå eit vinterkurs på Søndmøre Amtskole. Desse skulane som den gongen var ambulerande, hadde dette året tilhald i Ulstein. Der fekk den kunnskaphungrande guten vidare opplæring i fleire ålmennfag, særleg vart det lagt vekt på opplæring i "modersmålet" som den gongen var dansk. Men ein må legge til at han seinare, då landsmålet kom i ålment bruk, lærde seg heimemålet på eiga hand, og skreiv seinare godt på det nye målet. At han kjende seg godt før til å skrive, gjorde at han ofte tok del i avisfeider om emne som var oppe i tida til diskusjon.

Steffen Johannes hadde lyst til å gå meir på skule, og vende seg i det høve til soknepresten etter eit vitnemål for å kome seg inn på ein eller annan læreanstalt. Presten avslo å gje han vitnemål, og bad han vidare å skrinlegge skuleplanane sine, "formedelst sin ringe byrd og stand". Men det var vel ikkje berre måten han vart møtt med hjå presten i Volda som gjorde at han fekk antipati for alt som hadde med statskyrkja å gjere. Like mykje var det vel at han under dei urolege religionstilhove som rådde i Volda etter "Sandstormen" rundt 1890, slo lag med dei "frie" som skipa seg med eigen kyrkjelyd som kalla seg Betel.

Han bestemte seg etter dette til å følgje i fotefara til forfedrene sine; å slå seg ned som bonde på Kornberg. Den lærdom han hadde tileigna seg, og sin åndelege dimensjon, la han aldri bort. Difor vart han ein førar og foregangsmann i grenda. Etter at han hadde stifta familie roa tilhøva seg noko. Karen Birgitte var eit fint og roleg menneske, som var klok nok til å bøye unna den heller barske og rådande svigermora ho skulle dele hus og bord med i Kornbergstova. Mor til Karen var frå Karlagarden på Kornberg. Såleis vart folka på dei to grannebruka no nærare samanknytte gjennom slektskap.

Straks etter dei var gifte tok borna til å kome. Først odelsguten i 1898 som fekk namnet Steffen Kornelius Demetrius. Han skulle kome til å overta garden etter faren. I 1899 kom Dagny Marie Josefine. Ho vart gift til Kvangarsnes i Ulvestadbygda, og vart mi mor. Så kom Olea Pernille i 1901, som vart gift til Heltne i Volda. Til sist kom Ragna Gurine i 1903. Ho vart gift til Vatne i Ørsta.

Men så råka tragedien huslyden i Kornbergstova. Eit år etter at Ragna var fødd, vart Karen Birgitte sjuk av tuberkulose. Etter å ha hangla med sjukdomen ei tid, døydde ho i 1907, 39 år gamal. Så sat då Steffen Johannes att, saman med den aldrande mora og fire mindreårige bom. Det vart sjølvsagt ei vanskeleg tid, men med hjelp av mora og eit godt humør og ein sterk vilje, sleit Steffen Johannes seg igjennom.

Frå Kornbergslekta. Borna til Karen Birgitte f.Lillebø og Steffen Johannes Kornberg. Biletet er tatt ca 1915.

Eit par år seinare la alt seg så vel til rette at han vart kjend med ei kvinne som også hadde opplevd å verte åleine. Mannen som var fiskar, hadde kome bort på havet ved eit forlis på attendetur frå Island. Namnet hennar var Oline Marta Håkonsholm, fødd i 1870 på Heltne i Volda. Det vart ekteskap på nytt, og Oline flytte til Kornberg og vart ei god kone for Steffen Johannes og ei god stemor for borna hans. Mellom Dorte Marie og Oline vart det også eit godt tilhøve, sjølv om dei levde så tett inn på einannan.

Steffen Johannes tok no fatt på å forbetre fjøs og løe. Han bygde til løehuset i lengda, der han fekk ny kufjøs med gjødselkjellar under. Som dekkje over gjødselkjellaren nytta han betong - eit byggemateriale som den gongen berre så vidt var kome i ålment bruk. Springvatn frå ei stabil kjelde oppe i fjellsida fekk han installert både i fjøsen og stovehuset. I tunet rigga han opp hestevandring som drivkraft til tresking av kornet. Jorddyrking og bygging av køyrevegar for å lette transporten på den bratte garden var han jamt i arbeid med. I dette lendet måtte det ofte murast - ikkje berre sjølve vegen, men også støttemurar mot terrenget på oppsida. Han hadde ein naturleg givnad til å forme i stein.

Men han engasjerte seg også i samfunnet rundt seg. Lenge hadde folket på Kornberg og Nautvik sakna veg til grannane sine i Folkestadbygda og innover langs Dalsfjorden til Dale. I 1898 vart det skipa eit intressentselskap, som delvis på privat basis og med tilskot frå det offentlege skulle få bygd veg mellom Straumshamn og Dale. Her vart Steffen Johannes vald til ein av dei leiande i styret. Det vart ein lang og mødefull prosess. Heile 40 år gjekk det før heile veganlegget kunne overtakast av vegstellet i 1938. Han stod også i brodden då det skulle anleggast gravstad med kapell på Folkestad. No når det såg ut til å verte køyrande veg gjennom Kornbergstranda, var det naturleg at ein vart fri balet med å fare til Volda for å gravlegge sine kjære.

Steffen var ofte spurd om å stille til val som heradstyrerepresentant, men det hadde han ikkje sans for, og bad seg alltid fri. I si eiga vesle grend stod han i brodden for mange tiltak. Det største av dei var då grenda vart eigen skulekrins og fekk eige skulehus i 1910. Eit anna fellestiltak han stod føre var innkjøp av treskeverk med ein Tennfjordmotor til drivkraft. Innkjøpslag for gjødsel, formjøl og matmjøl, parafin og ymse anna som trongst på gardane fekk han også i stand, for på den måten å gjere varene rimlegare.

Fra Kornbergslekta. Foto teke ca. 1915. Steffen Johannes lengst til venstre. Ved sida av står mor hans, Dorte Marie, som døydde i 1917.


Då dalsfjordingane i 1916 ville rive seg lause frå Volda herad, så var Steffen Johannes sterkt i mot dette. Dei meinte at det nye Dalsfjord herad burde omfatte bygdene frå og med Velsvik, til og med Nautvik/Kornberg. Dette ville han ikkje høyre snakk om. I avisene gav han sitt syn til kjenne i krasse innlegg, og fekk like krasse innlegg i retur. Protest og bøneskriv til departementet som hadde siste ordet i saka, fekk han også sendt. Ja, han sette saka så på spissen, at i tilfelle det ikkje vart bøygd av, så ville han krevje at den nye heradsgrensa skulle gå etter bytelina mellom dei to bruka på Kornberg. På den måten kunne Steffågarden framleis høyre til Volda herad. Enden på striden vart at det vart bøygd av, og den nye grensa vart sett i bytet mellom Rossetvik og Nautvik. Grannane hans var merkeleg nok ikkje samde med han i denne saka, men det jamna seg ut etter kvart. Etter som åra gjekk måtte vel alle sanne at Steffen Johannes sit syn var det mest framtidsretlu.

Sitt utovervende og vitelystne lag hadde han all sin dag. Han hadde glede av å følgje med i samfunnsdebatten i aviser og tidsskrift,og elles treffe folk og frette nytt. Då han fekk seg radio i 1938 og fekk dagsnytt inn i stova fleire gongar om dagen, syntest han det var svære ting. Slett så kjekt syntest han ikkje det var, då apparatet måtte innleverast i 1941.

Gamlestøva seier takk for seg
Deri neste brukar og eigar av Steffågarden vart då morbror min, titrl'fen Kornelius Demetrius (1898-1981). Han bygde nytt stovehus på garden i 1926. Då det gjekk nokre år før han fekk seg kone, og elles var borte på arbeid i fyrvesenet det meste av året, vart det foreldra mine, Dagny fødd Kornberg 1899 og Hans O. Kvangarsnes fødd 1895, som nygifte flytte inn i nyestova. Her kom eg til verda i 1927 og me budde her til 1930. Då tok far over farsgarden på Kvangarsneset på andre sida av fjorden,og me flytte då dit. Dette året gifte morbror Steffen Kornelius seg med Aslaug Rasmusdotter Gardshol frå Hjørungavåg, fødd 1901, og dei flytte inn i nyestova etter oss. Skøyte på garden fekk dei i 1935, og dreiv garden til 1939. Då selde dei bruket og flytte til Volda og bygde seg hus der.

Gamlestova vart halden unna gardssalet; ho skulle vere Steffen Johannes sin eigedom og bustad så lenge han og kona levde. Ho døydde 75 år gamal i 1945, han 83 år gamal i 1946.


Fra Kornbergslekta. Steffen Johannes og Oline Marta Kornberg i eit av deira siste leveår.



Etter deira tid gjekk stova i arv til sonen, Steffen Komelius, og vart ståande ute av bruk. Det gamle torvtaket tok til å leke, og forfallet tok til å syne seg etter kvart. Til sist baud eigaren stova til Volda Sogelag, mot at dei flytte ho til samlingane sine på Haueleitet. Dei var svært interesserte i å overta stova, som dei meinte ville passe ypparleg i tunet der. Men diverre - pengemangel og andre vanskar gjorde at stova vart ståande. Først våren 1954 vart ho riven og oppattsett på Haueleitet. Det var verkeleg på høg tid, for forfallet var no kome så langt at det var fare for at huset kunne ta varig skade.

Barneminne frå gamlestova
Som rimeleg kan vere er det lite eg hugsar frå Kornbergstova og det som hende dei tre første leveåra mine. Det er berre spreidde glimt som av og til dukkar fram. Men eg hugsar at det var gildt å sleppe bort i gamlestova til besteforeldra. Her var det god plass til å herje rundt med leik og leven mellom alt det bestefar stelte med. Den gongen tok dei som regel med seg inn i stova det som skulle stellast med. Det kunne vere garnbøting eller garnbinding, skomakararbeid eller ymse arbeid i tre som ljåsorv, river og anna. Ja, hører med bjørkeris som bestefar laga soplimar av, vart og tekne inn i stova. Av og til tok han meg på fanget og song til meg. Det var helst "Ro, ro på fluda" - ein heimelaga variant av "Ro, ro til fiskeskjer, kor mange fiskar fekk du der", som var mest populær.

Vegen til bestefarstova på Kornberg var elles ikkje lenger enn ul eg reiste dit både titt og ofte i oppvekståra etter at me flytte over fjorden. Stundom fekk eg vere der ei heil veke i gongen. Bestefar hadde mykje bøker og blad liggande på loftet i tilbygget på stova lengst mot vest. Det eg best kan hugse var to bøker av eit heller digert format. Dette var før eg hadde lært å lese, og lenge for eg hadde greie på at det var noko som kallast gotiske bokstavar. Derfor var det lite eg skjøna av teksten, men bøkene var fylte av bileie, for det meste xylograferte illustrasjonar. Desse sette fantasien til ein smågut i sving. Kva desse bøkene heitte kan eg ikkje hugse lenger, eg kalla dei berre for storebøkene. Truleg var det eitt eller anna illustrert magasin som bestefar hadde abonnert på i ungdomen, som hadde vorte samla saman og deretter innbundne i to store bøker med solid skinnrygg. Eg veit at han på amatørbasis dreiv og batt inn bøker i ledige stunder.

Eg låg mang ei stund på magen på det grove stovegolvet og blada i storebøkene. Spurde gjorde eg sjølvsagt både om vist og gale, og dei gamle svara vel på det som kunne svarast på, men av og til vart dei nok svar skuldig.

Det likast eg visste var når eg om kvelden fekk legge meg på "eige" soverom i det vesle kammerset mot aust. Dette romet var stort sett ikkje i bruk andre tider enn når det kom gjestar til gards som trong overnatting. Senga i kammerset var skikkeleg god, for ho var utstyrt med fjøyrmadrass, noko som ikkje var så vanleg den gongen. Det var helst halmbolstrar som var brukt på gardane denne tida. Men var eg retteleg snill gut, og bad pent om lov, kunne det hende at bestemor gav meg lov til å gå inn i dette romet åleine. Kommoden hennar stod til venstre frå døra med det same ein kom inn i romet. Dette møbelet hadde bestemor hatt med seg til Kornberg frå det første ekteskapet sitt, og var vel noko av det kjærast ho åtte. Derfor var ho sikkert redd for at nokon kunne skade det. Det same var nok tilfelle med den blanke spegelen som hang i ei gullforgylt rame over kommoden.

Korleis kommoden såg ut på utsida var ikkje det viktigaste for meg, for eg visste at nede i dei breie, djupe skuffene var gøymt mykje rart. Mellom anna var det her bestemor hadde alle albumane sine med bilete av slekt og kjenningar. Så bar det til å grave og spørje - kven dette var - kven han var, og kven ho var.

På andre sida i romet stod gjestesenga, overbreidd med eit kvitt, hekla teppe, og på veggen over senga hang bilete av kongehuset og medlemer av Norges Storthing frå 1905. I taket hang ein parafinlampe utstyrt med kvit porselenskjerm, og omkransa med slipte glasprismer. Litt lenger borte hang den tørka tangnåla til bestefar og balanserte i ein tråd frå eine takbjelken. Saman med barometeret som hang ved døra,bruka han tangnåla som eit kjærkome supplement når han skulle spå kva ver som var ventande neste dag.

På loftet over kammerset, med tilkomst gjennom ein stige frå gangen utanfor, var tillaga flatsengar på golvet ute under rafta. Her på loftet, eller hemsen, var det at borna i huset hadde hatt soveplassane sine. Mor hadde fortalt oss at det var her ho hadde hatt soveromet sitt saman med søstrene sine då ho vaks opp. Å ligge her var nok ei grei sak, verre var det å få på seg kleda om morgonen under det låge mønet.

Lengst borte i gangen var det frådelt eit lite rom som dei kalla "kjøkenet". Helst var det vel eit grovkjøkken, slik det vert kalla i vår tid. Her var det grue, tilkobla skorsteinen frå kjellaren. Bestemor fyrte opp her når det skulle kokast større ting i den stor malmgryta. Opp etter veggane var hyller der dei kunne setje frå seg ymse matvarer. Oppe på veggen mot aust var eit lite vindauge som slepte inn ei strime av dagslys. Ved sida av dette kjøkkenet, i nordaustre hjørnet av stova, var ei lita bu med tilgang gjennom ei dør frå utsida. Å sleppe inn i dette knøttvesle romet var eit lite eventyr, for her stod nokre kister og skrin med småting etter ei foreldrelaus gjente som vaks opp hjå bestemor og bestefar. Det vart aldri til at ho henta tinga sine etter ho vart vaksen og reiste til Bergen. Nede i desse tølene fekk eg lov å sjå, men måtte vere varsinn med innhaldet. Her var mellom anna nokre dokker med lyst "englehår", der augene let seg att til svevn når dokka vart lagd ned. Godt innpakka i bomull kom til syne englar av tynn porselen. Dei stig så tynne og elendige ut at eg mest ikkje torde ta i dei.

Til den gamle stova som no står på Haueleitet, knyter det seg mange av mine finaste barneminne. Der var mange nye og forvitnelege ting å oppleve for ein liten vitelysten gut i førskulealderen.

Kornbergstova og folket som budde der: Steffen Karlson Mån (1803-1869)

Denne artikkelen er skriven av Sverre Kvangarsnes og publisert i Voldaminne - årsskrift 2003.

Artikkelen er delt i fire:

Kornbergstova og folket som budde der
Kornbergstova og folket som budde der: Steffen Karlson Mån (1803-1869)
Kornbergstova og folket som budde der: Steffen Kornelius Kornberg (1835-1895)
Kornbergstova og folket som budde der: Steffen Johannes Kornberg (1863-1946)




Ein tiltøk kar
Me veit ikkje så mykje om den første ungdomstida til Steffen Karlson. Soga seier at han reiste tidleg ut frå barndomsheimen på Måna for å tene på Bjørkedalen. Han skal ha vore dreng i Larsgarden på Nøredalen i fleire år. Det ligg nær å tru at han slapp til både i båtskotet og i smia, når det ikkje var noko som skulle gjerast på garden elles. Folket på garden sette pris på den framtøke austefjordingen, noko som skulle kome han til nytte seinare.

Han utvikla seg etter kvart til å verte ein flink handverkar. Særleg hadde han godt lag med å bygge båt, og han meistra arbeid i tre og jarn like godt. Kring 1830 fekk Rasmus Aarflot, som då var tingmann frå Romsdal Amt, i oppdrag av ein kollega frå Toten å skaffe han ein flink båtbyggjar frå Sunnmøre, som kunne kome ned til Mjøsa og bygge ein åttring dei ville bruke til å føre krøter på. Aarflot hadde høyrt om det gode ryktet til Steffen, og han fekk førespurnad om han kunne ta på seg jobben. Steffen som den gongen var 25 år, sa seg villig til å reise. Soga fortel at åttringen vart levert med segl og fullt reide, som det heiter. Dette kan tyde på at Steffen også hadde lært seg dei mest elementære ting av seglmakarkunsten. Som hjelpesmann, vert det fortalt, at han hadde med seg ein unggut frå Telset som heitte Anders. Dette må sikkert vere ei mistyding,då ein i bygdesoga under Telset ikkje kan finne nokon med dette namnet der. Karane fekk i alle fall mykje skryt og vellæte for arbeidet sitt av "skipsreiaren" på Toten.

Nyefolket flytter til
I 1835 vart Steffen Karlson Mån gift med Johanne Olsdotter Strand, f. 1806, frå garden Jostranda i Dalsfjorden. Han flytte til Jostranda etter bryllaupet og budde der til 1839, då han saman med Johanne og eldste sonen, som var fødd på Jostranda, flytte til Kornberg - til garden han hadde kjøpt i 1837. Johanne hadde vakse opp på det einbølte, skredfarlege bruket i Dalsfjorden, og var såleis van med om lag same naturtilhøve som ho kom til på Kornberg.

Steffen hadde kjøpt garden for 150 spesiedalar. Det er nok lite Irulcg at den unge mannen kunne skaffe så mykje pengar utan å låne. Dette var før Volda & Ørsta Sparebank var skipa, så han måtte vel ty til å låne av ein privatmann. Det er nærliggande å tru at han lånte av den legend-ariske krøterhandlaren Johannes Anderson Øren på Engeset i Volda. Det veit ein at grannen i Karlagarden gjorde då han kjøpte bnr. 2.

Det trongst vel at den nye gardeigaren var flink med hendene, for husa på Kornberg var i svært dårleg stand. Garden var nok ikkje av dei mest attraktive plassane, for bygslarane hadde skifta ofte. Vedlikehaldet hadde vore forsømt både av presten og dei som var bygslarar. Særleg var det ille med det vesle stovehuset med hellelagt jordgolv. Det var så elendig at snøen dreiv inn gjennom sprekker i ytterveggane dei verste stormdagane vinterstida. Fleire born kom til etter kvart. Odelsguten, som fekk namnet Steffen Kornelius, fødd 1836, var alt tre år då dei flytte til. I 1839 vart Kristine Elisabet fødd. Ho vart gift til Valderhaug i Giske. Den neste var Oline Marta som vart fødd i 1842. Ho vart busett på Rovdestranda. Til sist kom to gutar: Rasmus Olai fødd 1845 og Sivert fødd 1853. Rasmus lærte seg til skomakar og reiste rundt på bygdene med skomakarskrinet sitt. Sivert lika seg best i smia, der han saman med faren laga sauesakser, navrar og andre bitjarn i ledige stunder. Han reiste rundt og selde av smedvarene sine, og tente mang ein skilling på handverket sitt.

Med så mange born i huslyden vart det skrøpelege bustadhuset alt for lite, og Steffen skjøna snart at han måtte prøve å få seg eit betre og større hus. Han grunda nok på korleis han skulle klare dette økonomisk. Problemet såg ut til å vere uløyseleg! Men brått vart det ei råd. For nett då Steffen trong det mest, slo det til med eit rikt sildefiske. Det vert fortalt at silda kom heilt inn i Rovdefjorden. Alle som hadde likt til båt og nokre garnfiller, tok del i brotfisket, såleis også karane på Kornberg og i Nautvika. Silda vart godt betalt, og folket fekk brått pengar mellom hendene.

Steffen Karlson kjøper brukthus på Bjørkedalen
Me veit ikkje sikkert kva år dette gode sildefisket gjekk føre seg, men ein tek nok ikkje mykje feil om ein gissar på at det var ein gong kring 1845. No vart det ei råd for Steffen å få seg eit betre stovehus. Tankane tok nok til å krinse om Bjørkedalen,der han var så godt kjend, og hadde så mange vener. I så måte trong han ikkje tenkje lenger enn til folket i Larsgarden. Der visste han at det stod ei eldre røykstove i det gamle klyngetunet som skulle bort.

Eit av første åra etter 1845 kan ein gisse seg til at Steffen tok turen til Bjørkedalen for å sjå på brukthus. Det er rimeleg å tru at han først reiste til Larsgarden, der han var kjend med folket frå før. No kom det han til gode at folket på garden hadde lært å setje pris på han dei åra han hadde vore dreng hjå dei. Her stod den utrangerte stova med ljore i taket, som Steffen godt kunne tenkje seg som ein sentral del av det "nye" huset han ville bygge på Kornberg. Husbonden i Larsgarden lova Steffen at han skulle få kjøpe. Ingen kunne gjere fullt greie for kor gamalt huset var, for tømmeret var friskt og godt, men byggemåten vitna om at huset kunne vere fleire mannsaldrar. Nokre av stokkane bar jamvel preg av å ha vore brukt i eit eldre hus tidlegare. Det er truleg at huset den gongen ikkje hadde tregolv, men berre eit utplanert hellelagt jordgolv.

I tillegg til sjølve stova, kjøpte han også nytt tømmer som kunne brukast til det nye kammerset han ville bygge til mot aust, saman med materialar til lenging av huset eit par meter mot vest. Der fekk han ei god bud med loftrom over til kle og anna. Her i vestenden mura han opp gavlveggen av gråstein til rafta, som vern mot hardveret frå vestleg kant. Steffen reiste attende til Kornberg med måla av huset han hadde fått på hand, og tok til på tomt og grunnmur. No ville han ha kjellar under huset, slik at den gamle røykstova no fekk bjelkar og tregolv som underlag.

Då huset skulle rivast i Larsgarden og flyttast til Kornberg, vert det fortalt at folket på Bjørkedalen heldt stor dugnad. Først med å plukke ned tømmeret og føre det ned til Kile - men ikkje nok med del - dei hjelpte også til å få det i båt og føre det ut til Kornberg. Nokre var jamvel så hjelpsame at dei var med å bere materialane opp i tunet.

Dette skulle seie noko om kor omtykt Steffen Karlson hadde vorte på Bjørkedalen dei åra han hadde vore dreng der framme. Då "nyehuset" var ferdig vart det trivlegare butilhøve for folket i Steffågarden. Etter vår tids målestokk var vel det nye huset heller dårlege greier, men slik småkårsfolk hadde det den gongen var dette eit etter måten brukbart hus - ja betre enn hjå mange tindre. At dette huset skulle få æra av å verte flytt til Haueleitet ved foten av Rotsethornet ca. 100 år seinare, og der verte ein sentral del av Volda Bygdetun, hadde vel Steffen Karlson Mån aldri kunne ha tenkt seg.


Fra Kornbergslekta


Men også folket i Steffågarden fekk røyne at livet kan vere hardt og nådelaust. Den leide, smittsame sjukdomen tuberkulose - eller tæringa, som folk flest kalla denne sjukdomen, slo ned i denne heimen og - som i så mange andre. Først vart Rasmus sjuk og døydde berre 30 år gamal. Litt seinare gjekk det same vegen med Sivert. Denne tragedien slapp heldigvis faren å oppleve, for han døydde allereide i 1869, berre 65 år gamal.

Det er ting som tyder på at han tok til å verte helselaus og utsliten allereide før han var 60 år, for sonen Steffen Kornelius fekk skøyte på garden for 300 spesiedalar i 1864. Ein kan elles undre seg på om Steffen Karlson ikkje hadde lært å skrive. Eller er det på grunn av sjukdom han har skrive under skøyta med påhalden penn?




Red. anm 15.5.11 : På Volda bygdetun sine Facebooksider står det skrive at ein av båtane som Steffen Karlson Mån bygde er å finne i I Bjørkedal båtsamlingar: "I Bjørkedal båtsamlingar finst ein båt Stefen Karlson Mån har bygd. Ein 15 fots storfæring som han brukte til fiske og frakt. Han bygde båten samme året som han flytta til den veglause garden på Kornberg.".

Kornbergstova og folket som budde der: Steffen Kornelius Kornberg (1835-1895)

Denne artikkelen er skriven av Sverre Kvangarsnes og publisert i Voldaminne - årsskrift 2003.

Artikkelen er delt i fire:

Kornbergstova og folket som budde der
Kornbergstova og folket som budde der: Steffen Karlson Mån (1803-1869)
Kornbergstova og folket som budde der: Steffen Kornelius Kornberg (1835-1895)
Kornbergstova og folket som budde der: Steffen Johannes Kornberg (1863-1946)




Ein ny generasjon held fram

No var det Steffen Kornelius som vart ny husbond i Steffågarden. Han tok gard og hus i bruk saman med Dorte Marie Torbjørnsdotter (1830-1917) frå Lisjebakken på Bjørneset, som han gifte seg med i 1863. Her delte ungefolket, gamlefolket og dei heimeverande syskena huset etter beste skjøn. Det var nok trongrømt og lite høve til privatliv i det overfylte huset, men desse tilhøva måtte dei berre finne seg i, heilt til gamlekona Johanne døydde i 1879.

Steffen Kornelius og Dorte var ivrige jorddyrkarar som rydde mykje nytt åkerland. Dorte var sterk som ein kar, og stod jamsides med mannen i nybrotet. Mange terrassemurar og steingardar som syner på garden i dag er deira verk. Gode steingardar trongst for å halde krøtera borte frå bømarka. Dei hadde geiter på garden i dei dagar, og det var mykje møde med å halde desse borte frå åker og eng.

Kornberg var utsett for steinsprang frå fjellet. Av og til hende det at svære steinblokker kunne kome rausande nedetter fjellsida. Her tok Steffen seg i ferde med å setje opp ein vernemur nokre meter ovanfor husa. Det høvde så godt at han kunne rydje stykket ovanfor for stein, og legge opp den veldige steinvoren som ligg her i dag. Han søkte amtet om tilskot til sikringsvollen, men pengane sat visst ikkje laust den gongen heller - han fekk 40 kroner som påskyning. Det store brattlendte stykket lengst mot nord på bøen som vert kalla Skylteigane, rydde han og Dorte for stein og krattskog til brukbart åkerland.

Storsatsinga i det bratte vonlause lendet synte att. Det gav folket på Sætre på andre sida av fjorden høve til på fleip å kalla nybrotet til Steffen for "Havet". Men han fekk etter kvart synt sæsskarane kva seig vilje og trott kunne utrette. For nybrotet vaks år for år, og til sist hadde han fått dyrka opp seks dekar av den urydde utmarka.

Dorte Marie og Steffen Kornelius fekk tre born. Først kom odelsguten i 1863 som fekk namnet Steffen Johannes Laurits. I 1864 fekk dei ei jente som fekk namnet Johanne. Ho døydde då ho var ni år. Så kom ei jente til i 1870. Ho fekk namnet Tommesine, og vart seinare gift til Hjellbakke i Austefjorden.

Steffen Kornelius vart i 1877 utsett for ei stygg skyteulukke som han hadde mein av så lenge han levde. Dette hende på bryllaupsdagen til Anne Gurine i Karlagarden, som gifte seg oppatt med Lars Rasmusson Ekset. Då kyrkjebåten etter vigsla i Voldskyrkja kom opp under Kornbergs-landet, skulle Steffen skyte salutt med eit gamalt munnladningsgevær. Det er truleg han hadde lødt i meste laget, for den gamle bjørneborsa tolde ikkje påkjenninga og gjekk i knas mellom hendene hans. Seinare var han mykje plaga av skaden han fekk. Dette var nok medverkande til at han døydde då han berre var 59 år gamal. Han måtte ha hatt ein seig vilje, for han heldt ut som full arbeidskar både på sjø og land saman med grannane sine. Siste fiskja rodde han i 1892, tre år før han døydde.


Fra Kornbergslekta


Dagleglivet når karane var på fiske
Om vinteren, den tida torsken kom under sunnmørskysten for å gyte, rusta karane i grenda ut sin eigen storebåt og drog ut i Stevika på Remøylandet. Der tok dei inn i rorbua dei hadde til felles bruk saman med eit anna fiskjelag. Kva slag båttype dei bruka veit ein ikkje sikkert. Han var vel neppe så stor som ein åttring. Båten vart for lang tid sidan seld til Herøy Kystmuseum, og vart etter at han ikkje lenger vart brukt til fiske, ombygd til eit anna føremål. Men dagbøkene som karane førte i fisketida, fortel at dei var eit mannskap på sju ombord.

Heime i stova på Kornberg sat Dorte, gamle Johanne og borna og ottast for dei som var på havet. Mange redde tankar og varme bøner fann nok vegen opp frå den vesle tømmerstova, når snøveret og nordvesten ulte rundt novene. Men dei sat ikkje gjerandslause med hendene i fanget, for no var det rette årstida for alt innearbeid som kvinner og born måtte ta seg av. Først og fremst var det stell i fjøs og løe, og alt arbeid som høyrer til avdråtten frå dyra, som mjølking, kinning, ysting og anna. No skulle det spinnast, vevast og spøtast. Alt måtte setjast i god stand til våren kom, for då måtte kvinner og bom ut att til arbeid på åker og eng jamsides med karane.

Dagslyset måtte nyttast vel, for ut på ettermiddagen vart det skymt og dårleg lys inne i den heller mørke stova med berre eitt vindauge på ein liten kvadratmeter, og det vesle mest ugjennomsiktige skjåglaset i ljoren som einaste lyskjelde. Derfor var det naudsynt med kunstig lys så snart ein ikkje såg lenger. Då var det jamnast å svinge fram kola, fylle på tran, eller lyse som det vart kalla, "snyte" veiken og tenne på. Lyset frå kola var svært dårleg til arbeid som kravde at ein såg godt, og den sure trana både lukta og sota meir enn godt gjorde. Men hadde ein god råd, så kunne ein av og til unne seg å brenne eit talglys i tillegg. Betre vart det leid lenger ut i hundreåret då parafinlampen kom i bruk; då vart det verkeleg lyst i stova. Det var berre ein feil med parafinen - han måtte kjøpast, og pengar var alltid mangelvare.

Vinterstida vart det halde skule rundt på gardane. Skulen gjekk på omgang med ein bolk på eit par veker på kvar gard. Læraren følgde med på lasset saman med skrinet sitt, og hadde mat og husrom så lenge han heldt skule på garden. Læraren lika seg godt i Kornberstova, for det var utan samanlikning det rØmlegaste skuleromet som beid i heile grenda. Der var også høgt under taket i den gamle røykstova, og vart det for dårleg luft i romet, kunne ljoren i taket opnast med enkle grep. Korleis det var med arbeidsro i skulelokalet, der folket elles i huset stelte med sine daglege gjeremål, kan ein verkeleg undrast på. Men dei gamle omgangsskulelærarane hadde vel sine innarbeidde knep for å halde oppe disiplinen.

Kornbergstova og folket som budde der

Denne artikkelen er skriven av Sverre Kvangarsnes og publisert i Voldaminne - årsskrift 2003.

Artikkelen er delt i fire:

Kornbergstova og folket som budde der
Kornbergstova og folket som budde der: Steffen Karlson Mån (1803-1869)
Kornbergstova og folket som budde der: Steffen Kornelius Kornberg (1835-1895)
Kornbergstova og folket som budde der: Steffen Johannes Kornberg (1863-1946)

Artikkelen er linka inn til frå Volda Bygdetun sine Facebooksider.




Her dei sin heim og hugnad fann...
I 1837 kjøpte den 32 år gamle Steffen Karlson Mån frå Austefjorden det eine av dei to bruka på Kornberg. Kva namn dette bruket hadde hatt for Steffen kjøpte, veit ein ikkje. Men etter at han kom der fekk bnr. I namn etter den nye eigaren, og har sidan vore kalle "Steffågarden".

Det andre bruket, bnr. 2, vart nokre år seinare kjøpt av Karl Andersson Kornberg som løyste inn bygslet då han tok over bruket etter faren. Dette bruket fekk då namnet "Karlagarden". Dei to bruka hadde vore kyrkjegods så lenge nokon veit om, men ved desse tider tok staten til å selje unna av kyrkjegodsa, og let folk som var interesserte i å verte sjølveigarar få kjøpe.

Gardane på Kornberg ligg i bratthallet på neset under det 577 meter høge fjellet Viten, der Dalsfjorden skil lag med Voldsfjorden. Bøane vender mot nord og ligg utsette til for ver og vind frå nord og vest, og det høge fjellet tett innpå tek bort sola mykje av året. Då er det betre tilhøve i Nautvika, gardane bak neset ein kilometer lenger inne. Der vender bøane i sørleg lei, og sola er ikkje borte sjølv når ho er på sitt lågaste.


Vis større kart


I dag vert Kornberg og Nautvik rekna som ein del av Folkestadbygda og samfunnet der, med sams skule og andre ting. Den gongen Steffen Karlson kjøpte gard på Kornberg, var det ikkje veg gjennom den fem kilometer ulendte strandsida til Folkestad, så folket måtte i båt om dei skulle nokon stad. Det var såleis ikkje noko Gosen som venta den nye gardeigaren og huslydrn hans på Kornberg.

Ved desse tider var det elles ikkje så flust av plassar eller gardar i bygdene her som ikkje var i bruk. Folketalet i landet auka, og enno var det nokre år att før emigrasjonen til Amerika tok til.

Derfor var folk glade til når dei fann seg ein stad der det var ei aldri så lita von om å kunne brødfø seg. I dei fleste tilfelle var det eit spørsmål om eit vere eller ikkje vere. Om det ikkje låg så vel til rette her på Kornberg frå naturen si side, så kunne dei rå seg sjølve utan innblanding frå andre. Dei små åkerlappane gav dei korn og poteter, og frå fjøsen fekk dei mjølk og kjøt. Frå dei gode fiskeplassane rundt Kornbergsfluda fekk dei det meste av det som trongst av fisk.

Det var sjølvsagt eit hardt slit gjennom heile året. Særleg var det hardt om sommaren når alt vinterforet til krøtera skulle bergast i hus. Det meste av det buskapen skulle ha måtte sankast saman med stuttorv i ur og skrapmark, for dei små dyrka bøtene måtte nyttast til åker for korn og poteter. I denne årstida var det ikkje alltid at døgnet hadde nok timar.

Kjelde: Voldaminne årsskrift 2003 - Kornbergstova og folket som budde der

I "Voldaminne - årsskrift 2003" utgitt av Volda Sogelag står ein 16-siders artikkel skriven av Sverre Kvangarsnes om "Kornbergstova og folket som budde der".

Artikkelen startar i 1837 og sluttar då Kornbergstova sist var i bruk i 1946.

Mathilde Ovedia Samuelsdatter Larsen (1859-)

Matilde Samuelsen var gift med Hans T. Larsen. Dei fikk 9 barn, eit av desse var Margrethe Brekken.

Fra Brekkenslekta

Hans Theobert Larsen (1855-1905)

Hans T. Larsen var gift med Mathilde Ovedia Samuelsdatter Larsen. Dei fikk 9 barn, eit av desse var Margrethe Brekken.

Hans vaks opp på garden Skar i Evenes kommune.

Han hadde tre systre. Lorense Bertine, Emilie og Ragnhild.

Fra Brekkenslekta

Myraslekta: Litt om gardssoga

Frå heftet "Myraslekta".


Litt om gardssoga
Lillebø er eit vanleg namn i bygdene her, og tyder "den vesle bøen", eller "den vesle buplassen". Denne garden er kanskje opphaveleg rydda av Svein Olsson, og høyrde då under garden Dale.

I eit brev på Dale frå 1566 er det nemt at Svein Olsson bygde og tok opp att garden Lillebø. Svein var i slekt med Gudrid i Dale. Gudrid klaga Svein fordi han med vold og urett hindra bu- ræsene og fedrift, reiv ned gjerde, skadehogg skogen, reiv "never, bander, blotter og formaledider" og ikkje heldt den semja som var vedteken om korleis garden skulle brukast. Det var framme sak om dette på Bergenhus. Svein hadde då med eit brev med underskrifter frå godt folk som vitna at han hadde ført seg vel i bygda. Same saka hadde elles ofte vore for retten, og alltid hadde dei vorte samde. Men Svein vart no dømd til å flytte frå bruket den første fardagen, og Amund Bentsson fekk pålegg om enten å betale for den ryddinga Svein hadde gjort, eller gje han ein annan gard. Det ser likevel ut til at Svein ikkje flytte. -

I 1636 selde Jon Sveinson Lillebø eit gaupeskinn utan å by det fram for kongens oppkjøpar, og fekk 7 daler i bot. Og noko seinare var han med på å fiske med krokvad mot forordninga, og fekk igjen bot for dette lovbrotet sitt.

Frå 1763 var det her på garden Lillebø, oppdelt jordeigedomen til 4 sjølvstendige bruk. Og i matrikkelkomisjonen for 1863 rekna dei bruket Myra, med ei avling på 20 tønner havre og 10 tønner potet. Her var også skog nok til huset. Og vassfall til kvern på bruket, og ei avling på 38 skippund høy. Dyretalet på dette bruket var då 1 hest, 8 kyr og 26 småfe.

Tidlegare var heile garden bondegods, men i 1661 var Jørgen Panter på Bønnestad eigar av 2 1/2 melag, og Jens Gunnarson i Eiksund åtte 2 mel. I 1674 åtte Mag. Christ. Pedersen dette, og i 1699 var Kolbein Ødegard på Vartdal eigar.

Frå han gjekk så garden i arv til Rødsetætta. Mads Johannesson Rødset ervde ein part, og den andre kjøpte han i 1762. Hans Brandal Rødset selde så til Claus Frimann den 17 okt. 1789. På skifte etter Frimann fall garden på Else Latrine Malte D. Tonning. Lensmann Wiig i Ørsta fekk tak i ein part som han selde til prokurator Sanne den 22 nov. 1875.

I 1863 overtok Ole Rasmusson Lillebø dette bruket den 23 juni, som han bygsla av prokurator Sanne. Han hadde året før gift seg med Pernille Karlsdotter Kornberg. Og den 20 okt.1882 kjøpte dei så bruket for kr. 1.200.


Vis større kart

Kjelde: Heftet "Myraslekta"

Heftet "Myraslekta" vart gjeve ut til eit slektsstemne for etterkomarane etter Pernille Karlsdotter LIllebø og Ole Rasmussen Lillebø, 14.august 1994.

Heftet er på 30 sider.

Margrethe Brekken (1883-1954)

Margrethe Brekken var gift med Iver Brekken og dotter av Hans Larsen og Matilde Samuelsen.

Fra Brekkenslekta

Iver Brekken (1887-1961)

Iver Brekken var gift med Margrethe Brekken og son av Iver Jensen og Leonore Jensen.

Fra Brekkenslekta

Leonore Jensen (1854-1927)

Leonore Jensen var gift med Iver Jensen.

Dei fikk åtte ungar. Den sjettefødde var Iver Brekken.

Hildur Dahl om besteforeldra Iver og Leonore Jensen.

Fra Brekkenslekta

Iver Jensen (1851-1935)

Iver Jensen (1851-1935)

Hildur Dahl om besteforeldra Iver og Leonore Jensen.

Fra Brekkenslekta

måndag 18. april 2011

Hildur Dahl om besteforeldra Iver og Leonore Jensen

Frå "Med røtter på Vestvågøy". Hildur Dahl (1909-92) om besteforeldra Iver og Leonore Jensen.



Jeg husker han bestefar meget godt. Han var en stor kraftig kar. Han var iallefall større enn bestemor. Han var en streng og myndig, men snill, kar. Hadde han sagt noe så skulle det gjøres. Det gikk ikke an å akko'dere med han. Han var høvedsmann på egen båt, og var vant til å gi ordra og bli adlydt. Han seilte til Bergen på fembøringen!

- Jeg huska kor vi gleda oss til han skull' komm' heim fra Bergen, og til vi skulle få sukker av sukkertoppen som han skull' ha med. Og da han kom heim så hadde han med seg en stor og en liten sukkertopp. Han hadde ei lita øks som han hogd' bit'a av med.

Den største sukkertoppen kunne vel være ca. 1/2-meter høy, og det var ordentlig kvitt sukker. De hogde av et stykke som blei klipt opp med sukkertanga eller sukkersaksa. Den så ut som ei vanlig tang, men det man kleip med var sånn flate blad. Da fikk man et stykke som man så klipte opp i små serveringstykker, sukkerbiter.

Bestefar eide blant anna to store fembøringer som lå i naustet på Stranda, og dem brukt' han å fiske med, eller til å seile til Bergen med.

En gang hadde han vært på sjøen i et fryktelig uvær, men han berga båt og mannskap vel i havn. Da de kom til lands var han bevisstløs, og måtte bæres i hus. Han var en morsking til å stå på sel' da han var en gammel mann. Han døde i Gjerstadåsen. Han var da gåandes på tur til Ballstad.

Besteforeldra mine i Brekka var Læstadianere, og når de hadde hatt møte og skulle si adjø til kverandre så var det et forferdelig læven med mye gråt. Da la Iver - bror min - seg oppe på, "lofthollet", loftgangen og herma etter dem. Folkan stoppa opp avskjedsermoniene og lura på hva det var for noe, men så fortsatte de og da herma Iver etter dem. Han fant på så mange streker, deinn Iver'n. En gang hadde han gjemt bort tretoflan til Helga og Eriksen. Da sa Eriksen: - Helga, Helga, nå må du komme med tøflene til meg, og da svarte Iver: -Helga er jo sjuk, ho dør jo snart, ho kan ikke finne tak i tretoflene til deg. Det likte ikke Eriksen noe særlig.

Hildur Dahl om oppveksten på Brekka

Frå "Med røtter på Vestvågøy":



Hildur Hjørdis Sigrid Olivie(a) Sørensen gift Dahl var født den 28/7-1909 på Haukland i Buksnes, og døde ved juletider i 1992 på Melbu. Her er en avskrift av et intervju som ble publisert i slektsboka "Med røtter på Haukland". Det ble gjort ved påsketider i 1992. Hildur fikk ikke oppleve å se samtalen på trykk, men hun fortalte blant annet:

(...)

Seinere kom jeg til Stranda på Gjerstad til onkel Iver og tante Margrethe. Jeg var vel der da jeg begynte på skol'n, mens mine søsken Haldis og Iver blei i Brekka hos han Iver Jensen og ho Leonore. Det var besteforeldrene mine. Jeg trivdes ikke så godt på Stranda, men ho bestemor i Brekka var så snill. Jeg pleide å være innom der når jeg kom fra skol'n og ho hadde alltid noe godt på lur.

På Stranda hadde jeg forskjellige plikter. Om morran måtte jeg "toge høy fra høystålet til krætturan" før jeg gikk på skol'n. Og når jeg var ferdig med det så var det å ta tretoflan i heinn'n og løp' over fjæra på bærføtt'n. Det hendte nok at jeg kom for seint på skol'n. Likedan var det om kveill'n. Jeg måtte jobb' i fjøsen, toge høy og gi "krætturan". Det var hardt arbeide, det, ofte blødde jeg på fingran når jeg var ferdig. Lekser blei det mindre tid til. Jeg var så trøtt at det var bare å stup' i seng. Fritid var det ikke så mye av. Hadde ikke så mange å leke med heller. Jeg tusla nu i fjæra førr meg sjøl og lekte med det jeg fainnt. "Kobbspy" feks., pleide jeg å ta på en stokk og kaste dei lengst mulig uinna. Deinn va' jo nesten som gele å ta i. Jeg likte meg godt i båten, men en gang rodde jeg langt til havs. Da måtte onkel Iver ut å hente meg. Men arbeid var det meir enn nok av. Alltid noe å henge fingran:', som de sa de gamle. Jeg bar inn vainn og torv, renska gror av potet'n om våren, toga høy, vaska klea og golv. Jeg var fire-fem år på Stranda før jeg kom tilbake til Brekka og videre til Slydal og Vendalsjord.

(...)

Å sitte "sjømming"
Bestemor Leonore i Brekka pleide å stå opp klokka fire om natta og da satt ho i veven til ho skulle i fjøsen i seks-sju tida om morran. Sommertid pleide de å sove middag, men ellers hadde de noe som de kalte å "sitte sjømming". Det var i skumringstimen om kvelden mens de venta på at det skulle bli mørkt nok til å tenne lampa. Da satte bestemor seg i gyngestolen og slappa av og døsa litt. Det blei kalt for å sitte sjømming. Bestefar satt sjelden sjømming. Han var så mye borte. For rundt om på fiske. På soverommet sitt hadde de dundyner. Dette var rundt 1920, og de hadde flust med ærfugler i fjæra og ut gjennom fjorden, så de hadde god tilgang på dun. Hvor langt tilbake de hadde brukt dun vet jeg ikke, men på loftet var det ikke dundyner, men stikka vattdyner eller stappa filledyner og ulltepper. Høybonstran var meget gode å ligge på. Det kunne nå hende at det var et skarpt strå som stakk, men det var bare å trekke ut. Høyet var spesielt utplukka og var det beste bonsterfyllet. Det var en egen stas og egen godlukt når man fikk lægg' seg i nyflidd seng, om høstan. Det blei ailltid bytta høy hver einaste høst.

Julegaver og juleskikker
- Bestemor støpte egne lys, og en gang fikk jeg et heilt lys av ho i julegave. Lyset var 25 cm stort og kvitt med normal vidde. Lysan måtte vi være veldig spar med. De måtte ikke tennes i utid. Fyrstikka så omtrent ut som i dag, men det var fyr i ovn'n nesten bestandig, så de brukt' papir og stakk i ovn'n når de skulle ha fyr på lyset.

- Vi gikk mye på besøk til kverandre i jula, og da helst hos nære slektninger som Iver på Stranda eller hos ho Olga på Skottnes. Vi hadde ikke gaver med, men vi var gjerne der heile dagen. Kom tidlig om morran og spist' iallfall middag, kaffe og kveldsmat før vi dro heim. Neste dag kom kanskje de på gjenvisitt. Det var ei skikk vi unga hadd' mye glede av. Enten kjørte vi i karjol eller slede med sluffe, eller i vogn. - I jula blei all maten satt fram på et bord og den sto framme heile tida. På jul'aften spiste de risengrynsgrøt. Etter at rullene og kjøttet var kokt på jul'aftens formiddag så laga bestemor mølje i et stort brunt fat som vi forsynt' oss av. Det var knust flatbrød i fatet, og så heillt' ho krafta fra rullan over og lot det trekke til det var gjennomtrekt. Så sika ho av krafta og så hadde ho fett fra krafta over, og tilslutt hadde ho sirup på toppen.

- På første juledag hadde de bordet dekt og det sto framme heile dagen. Vi fikk lov til å være utafor husa første juledag, men hvis vi gikk bort til fremmede så blei vi kalt for julegeit. Man gikk ikke til slekta heller på 1. juledag. Den dagen var freda.

- Nyttårsfesten kan jeg ikke fortelle noe om. Vi feira ikke nyttår. Da var det stille og rolig.

Kjelde: Med røtter på Vestvågøy

"Med røtter på Vestvågøy" (2000) ble skrevet av Odd Sørensen og gitt ut på Forlaget Halleys.

Om Brekka i Med røtter på Vestvågøy

Frå "Med røtter på Vestvågøy":



Gården Brekka ligger fint til ved enden av Gjerstadvika. Mens Iver Jensen hadde stedet var den husmannsplass under Buksnes prestegård. Allerede den 5.september 1929 ble det holdt skyldelingsforretning over plassen, og den ble tinglyst den 2. november 1929. Den fikk bruksnr. 3 under gårdsnr. 16, med skyld 40 øre, og gitt navnet Brekka. Prisen var 1200 kroner, og de betalte 10% kontant og resten over en 20 års periode med avdrag på 54 kroner året pluss 5% renter fra den 25. juli 1929. Den 15. mai 1930 fikk de skjøte på gården, og den har siden vært i familiens eie.

I følge skjøte: "Kjøperen av Brekka gis rett til den torv som er igjen på den del av "Stenbergmyren" som var tillagt plassen Brekka. Grunnen forblir det offentliges eiendom". Parsellen ble også gitt havnerett for et tidsrum av 60 - seksti - år i prestegårdens uinnhegnede utmark for den besetning - gjeter unntatt - som kan forsvarlig vinterfores på parsellen med dennes egen avling.

Under folketellinga 1900 bodde følgende i Brekka, Iver og Leonore Jensen, og barna Marie, Martin, Olga, Iver, Alfred og Helga. I tillegg bodde de nygifte Hilda og Jørgen Sørensen med sin sønn Aksel Sørensen f. 20-05-1900. Det er oppgitt følgende yrker. Iver (49) er husmann med jord, fiskeri og plassmann samt jordarbeide. Leonore (46) er oppført som husmannskone. Så er det Marie (19) som hjælper til med husholdning og fjøset samt binding strikning m.m. Martin (17), fiskeri og plassarbeide, 01ga (16), husholdningen, strikning og hækling, Iver (13), gjetning og kokk under vinterfisket, Alfred (10) gjetning og forsenlegger, Helga (6), barnepike (De begynte tidlig, Red.). Jørgen (28), fisker, jordarbeider og tømmermann, Hilda (23), vævning, sying, spinning m.m., og Aksel hadde vel ikke annet å gjøre enn å spise og sove, ennå...




Brekka ligger idyllisk til ved enden av Gjerstadbukta. Her renner Gjerstadelva ut, og selv om den i dag er nærmest inntørket, så var det, under krigen og etterpå, mulig å fiske stor ørret helt oppe i Skoren (der hvor elva begynner). Den hvite bygningen til høyre i bildet er hovedhuset i Brekka. Det har yngste datter til Boy, Henny overtatt. Gården eies i dag av eldste sønn Bjørn Erik Eriksen. På oversida av veien ligger huset med garasjen til Boy, og 3 av barna hans har også bygd ved siden av. Det er Bjørn Erik, Tor Richard og Svenn Roger. Til venstre for hovedhuset, nesten midt i bildet, kan en se storbutikken til Alfred Brekken, og litt til venstre ligger verkstedet/fabrikken som han bygde rett etter krigen. Midt mellom huset i Brekka og butikken til Alfred lå den første butikken til Alfred. Den lå altså på venstresiden av nedkjørselen til Brekka. Ved det store jordet til venstre, bak i bildet, ligger huset til Magna & Sverre Martnes.

Om Brekka i Buksnes bygdebok

Passasjene nedenfor er hentet fra Buksnes bygdebok. Brekka er en husmannsplass under gården Buksnes (gårdsnr. 16).



Under Buksnes er det passende å begynne med prestegården, hvor sokneprest Halvdan Thun nå bor, g.m. Vilrun Gundersen fra Strinda; datter og eneste barn, Grete, ugift,

I Brekka bodde Iver Jensen, sønn av husmann på Skotnes, Jens Johan Pettersen, f. 1817, og h. Maren Holte Hansdtr. fra Hol, f. 1825. Deres kjente barn er Karoline, f. 8/6 1847, Iver, f. 22/8 1851, d. 1935, Agnete, f. 1855. Karoline ble g.m. Johan Sivertsen, f. i Buksnes, og de hadde i 1865, da de losjerte hos hennes far Jens Pettersen, en sønn Berthéus Johansen, 1 år gml. — I 1875 hadde Iver Jensen overtatt plassen på Skotnes og forsørget da sine foreldre og søsteren Agnete, som var tj.pike i huset. Så flyttet han til Brekka, g.m. Leonora fra Slydal, f. 1856, d. 1927 Deres barn: 1) Hilda, g.m. Jørgen Sørensen. Haukland; deres barn: a) Åkra, bosatt på Gjerstadåsen, b) Emma, g. i Bodø, c) Haldis, g. i Slydal i Borge, og siden i Hattfjelldal, d) Iver, g. i Lødingen, telegrafbestyrer, e) Hildur, g. på Melbo. — 2) Marie, g.m. Johan Olsen, Rossfjord, 3) Martin, bosatt i Kyllingdal, se der, 4) Olga, g.m. Morten Hofstad Frantzen, Skotnes, 5) Iver, g. m; Margrete Larsen fra Sørlavangen, gbr. på Gjerstad, 6) Alfred, g. i Skien, toller i Oslo, 7) Helga, g.m. Einar Eriksen, Stavanger. Deres barn: a) Alfred, handelsmann i Brekka, g.m. Randi Bendiksen, Haug, b) Einar (Boy), ugift, c) Wilhelm.

Vilhelm Pettersen, Vevik, g.m. Alfhild Jakobsen fra Valberg. Barn: Magna, Haldis, Valborg, Jakob, Arna, Hans og Borghild.

Sverre Martnes, g.m. Magna Nergård Pettersen.

Disse bor her i Brekka, ved grensen til Gjerstad.