Mathilde Ovedia Samuelsdatter Larsen (f.1859), Helge Brekkens mormor, vart fødd og vaks opp på Nedre Lavangen (Sørlavangen, Lavangen nedre).
I folketellinga i 1865 var ho 7 år og garden var då drive av hennar far Samuel Sørensen (50) og mor Margrete Sofie Hendriksdatter Warberg (44). På garden var det 2 hestar, 2 kveg og 12 sauer. Den produserte 1 tønne bygg og 4 tønner poteter.
Margrete døyr i 1874.
I folketellinga i 1875 bur Mathilde fortsatt på garden, registrert som budeie. Samuel er titulert som "gårdbruker, selveier, skogeier og fisker". På garden er det no 1 hest, 5 kyr, 13 sauer. Produksjonen er 1 1/5 tønne bygg og 8 tønner poteter.
Samuel Sørensen døyr i 1896.
Mathilde gifter seg med Hans T. Larsen frå Skar i Evenes kommune og i Folketellinga i 1900 går det fram at det er dei som har tatt over garden. Hans er av ein eller annen grunn i Abisko i Sverige når tellinga foregår.
Hans T. Larsen døyr ein gong mellom 1900 og 1910.
I folketellinga i 1910 er det Mathilde som står som eigar og brukar av garden. Ho var då 51 år gamal.
Vis større kart