Denne artikkelen er skriven av Sverre Kvangarsnes og publisert i "Folk og fortid i Folkestadbygd II" (1998).
På neset som kløyver den heller breie Voldsfjorden i to smalare fjordarmar, Austefjorden og Dalsfjorden, ligg dei to Kornbergsgardane i bratthallet frå fjøra og opp til foten av det flogbratte 577 meter høge fjellet Veten. Her er det fritt utsyn utover Voldsfjorden mot nord, og til Hjørundfjord og Ørstafjella i aust. Mot vest, der Dalsfjorden tek vegen innetter. har ein utsyn mot fjella over Dravlaus, men Nautvikneset stengjer for vidare sikt den vegen. Vender ein seg mot sør må ein legge hovudet langt bakover skal ein sjå himmele, for her er fjellet høgt og bratt, og hamrane i Varden og Lausefjellet heng trugande og utrygge for steinsprang. Men fjellet møter og gjev livd for vinden som kjem fra søraust og sør. For eit storfelt og fritt utsyn må ein diverre tole å plagast bade med vind fra nord og vind fra vest, og det høge, bratte fjellet stengjer sola ute frå oktober til mars.
Sidan siste halvdel av l800-talet har garden vore nemnt med namnet Kornberg. men før den tid vart garden kalla Ekornberg. Det er såleis mest truleg at det er dyrenamnet ikorn som har gjeve garden namn. Rett nok har namnet gjennom tidene vore skrive på mange merkelege måtar som Eckornbergh i 1518, Echennberig i 1615 og Iconberg i 1654. men grunnen til desse namneformene må vel tilskrivast tida me hadde saman med Danmark.
Det er lite truleg at denne garden har vore teken opp som bruk før etter svartedauden. Kor mange bruk her har vore til ymse tider er også noko uvisst, men at her først på 1600-talet var 3 bruk, - og så underleg det enn kan høyrast, - eit par husmenn har ein historisk visse for. Korleis eigedomsgrensene gjekk, og kvar tuna til brukarane var plasserte, er det ikkje nokon no som veit noko om.
Dei to bruka som er her i dag har namna Steffågarden, br.nr.1 og Karlagarden. br.nr.2. Saman med dei fire bruka i Nautvik som ligg i livd for nordavinden bak Nautvikneset, har desse gardane gjerne vorte kalla Veslegrenda av folket i Folkestadbygda. I våre dagar er dei elles ein del av bygdesamfunnet der med sams skule og andre ting.
Men det var om Steffågarden og folket der eg skulle fortelje! Garden har fått dette namnet av di brukarane far som son gjennom fire generasjonar har hatt namnet Steffen eller Steffå som det vert sagt i daglegtale. Det var í 1837 at den 32 år gamle Steffen Karlson Mån fra Austefjorddalen fekk kjøpe gard på Kornberg. Garden hadde heilt sidan 1600 talet vore kyrkjegods og dei som hadde sete på garden hadde vore bygslarar under presten i Volda.
Ved desse tider var det mange bygslarar rundt om på gardane som vart sjølveigarar, då staten tok til å selje unda av kyrkjegodsa. Steffen var heldig og fekk kjope for 150 spesidalar. Korleis han hadde latt ordna seg med pengar, veit me ikkje noko om. Men det er vel lite truleg at ein så ung mann kunne reise så mykje pengar utan å låne. Då kan det vere nærliggande a tru at han lånte av den legendariske krøterhandlaren Johannes Anderson Øren (Blå-Johannes) frå Engeset i Volda. Det gjorde i alle fall naboen i Karla-garden, som kjøpte garden der nokre få år seinare.
No veit me at Steffen Mån var ein uvanleg flink handverkar bade som smed og båtbyggar, så nokre dalarar hadde han vel lagt seg opp. Han var jamvel ein tur ned til Mjøsa og bygde ein åttring som skulle brukast til å frakte krøter over innsjøen.
Dette gjekk slik til at Rasmus Aarflot som ved dei tider var tingmann fra Romsdal Amt, fekk i oppdrag av ein kollega fra Hedemark om å skaffe han ein båtbyggiar nedover til Mjøsa. Aarflot hadde høyrt om den unge, tiltøke mannen i Austefjorden og tok kontakt med han ein søndag ved kyrkja.
Jau, Steffen sa seg viljug til til å fare og til hjelpesmann fekk han med seg ein unggut fra Telset som heitte Anders. Det var avtale at dei skulle kome seg til Veblungsnesmarknaden med båt. Denne marknaden brukte å vere kvart år på seinhausten. Derifrå skulle det sørgjast for skyss til dei austover saman med marknadsfolket.
Det vart slik at Steffen fekk ordna seg åleine med hest og slede vidare. Anders ville dryge nokre dagar for å sjå på marknadslivet og sa kome etter saman med andre.
Den første snøen hadde lagt seg om natta, så det barst fort avstad oppetter Romsdalen med Steffen. Om kvelden var han komen aust til dei tette fureskogane mellom Bjorli og Lesjaskog. Det var mørkt og dystert i den tjukke skogen og han fekk etterkvart ei kjensle av at nokon var etter han. Brått kom det ein stor hund halsande mot sleden, og han hyrde nokon rope: «Buss tak han! Buss tak han!» Steffen tenkte på øksa han hadde liggjande mellom verktyet sitt, og i det same hunden hoppa opp på sleden og skulle ta han, fekk han tak i øksa si. Hunden fekk eit hogg over ryggen og for hylande til skogs.
Steffen skjøna at han var utsett for ein landevegsrøvar og køyrde på alt hesten var god for. og berga seg fram til folk og husvære for natta.
Der fekk han vite at det hende slike røvarar nøytte seg år om anna når dei visste folk med mykje pengar i pungen reiste heim frå marknaden. Hendinga borte i skogen kom lensmannen for øyre, og dagen etter vart ransmannen oppleita og arrestert.
Dei to sunnmørsgutane bygde båten fullt ferdig med årar, master og segl. Om seglet er det sagt at det visstnok vart i største laget. Dei unge karane var gjerne ikkje fullt så kunnige seglmakarar som båtbyggjarar. Oppdragsgjevaren var velnøgd med båten og karane frå Volda fekk mykje vellæte for arbeidet sitt. Etter det soga fortel, må ferda Steffen Mån og hjelpesmannen hans hadde til Mjøstraktene ha vore i 1830. Steffen var då berre 25 år gamal, så det er grunn til å tru at han måtte ha vore ein tiltøk og flink kar.
Eit par år før han kjøpte Kornberg, gifte han seg med Johanne Olsdotter Strand frå Dalsfjorden. Ho hadde vakse opp på den einbølte, skredfarlege Jostranda, og var såleis van til om lag same tilhova som dei ho kom til på Kornberg.
Det trengdest vel at den nye husbonden var flink med hendene. Husa på garden var i svært dårleg stand. Kornberg var tydlegvis ingen attraktiv plass, for her hadde bygslarane skifta ofte og det hadde vore slurva med vedlikehald i lange tider. Heller ikkje presten som var representant for eigaren og kravde inn bygsleavgifta, hadde vore særleg påpasseleg i så måte. Det vesle, falleferdige stovehuset med jordgolv, fortelst det, hadde sa gisne ytterveggar at snøen dreiv inn gjennom sprekkene om vinteren.
Nei, det var ikkje noko luksustilvære dei to flytte til på Kornberg - men det var deira eige, og her kunne dei stelle sitt utan innblanding frå andre. Dei små åkerlappane gav dei korn og poteter og frå fjøsen fekk dei mjøl og kjøt. Frå dei velsigna fiskeplassane kring Kornbergsfluda fekk dei det meste av det som trongst av fisk.
Sjølvsagt var ikkje dette noko som kom av seg sjølv. Det var seigt slit frå tidleg morgon til seine kvelden gjennom heile året av alle i huslyden, og aller mest om sommaren når alt skulle sankast i hus. Det vesle av jorda som var dyrka måtte nyttast til åker, så det meste av det krøtera skulle ha som for måtte sankast med stuttorvet i ur og skrapmark.
Born kom til etter kvart - heile fem stykke. Først kom odelsguten i 1836 som fekk namnet Steffen Kornelius. Han var det som vart verande på garden neste generasjon. I 1839 kom Kristine Elisabeth til verda. Ho vart gift til Valderhaug i Giske. Så var det Olina Marta som vart fødd i 1842 som vart gift og busett på Rovdestranda. Til sist kom det to gutar. Rasmus Olai fødd i 1845 og Sivert Johannes Britanus fødd i 1853. Rasmus lærte seg til skomakar då han vart vaksen og reiste rundt i bygdene med skomakarskrinet sitt. Sivert likte seg best i smia når han saman med faren laga sauesakser, navrar og andre bitjarn som han kunne reise rundt å selje.
Det gjekk ikkje mange åra før Steffen Karlson skjøna at han på eit eller anna vis måtte få seg betre bustadhus på garden. Med fleire born i huslyden vart det skrøpelege gamlehuset for lite. og det var vel ikkje langt ifrå at nakne nauda var til stades på kalde vinterdagar. Spørsmålet var berre korleis den arme mannen skulle klare dette økonomisk. Eit gamalt ord seier at når nauda er størst er hjelpa nærast. Ordtaket slo i alle høve til her. For nett i denne tida slo det til med eit rikt sildefiske pa Sunnmørskysten. Etter som det har vore fortalt, giekk silda heilt inn i Rovdefjorden.
Alle som hadde båt og vegn tok del i dette brotfisket, også folket på Kornberg og i Nautvika. Silda vart godt betalt, og karane fekk uventa pengar mellom hendene. No vart det ei råd for Steffen Karlson å få seg betre stovehus. Ein veit ikkje heilt sikkert når dette storfisket gjekk føre seg. Heller ikkje veit ein visst kva årstal Steffen Karlson kjøpte den utrangerte røykstova på Bjørkedalen, men truleg er det ikkje mykje feil å gisse på om lag 1845.
Stova skulle ha stått i Larsgarden vert det fortalt, utan at ein har sikre prov på at dette er tiltelle. På førehand hadde Steffen fått sett opp mur for huset, slik at den gamle røykstova no fekk kjellar med bjelkar og tregolv som underlag. Eit lite tømra kammers og gang vart bygt til i austenden og eit klerom med loft over i vestenden. Her vart gavlveggen oppmura av gråstein til vern mot det harde veret på Kornberg frå vestleg kant. Korleis dei har seg åt med å frakte materialane frå Bjørkedalen til den veglause garden på Kornberg veit ein ingen ting om, men eit slit ma det ha vore.
Ein kan legge til at folket i Karlagarden også kjøpte «brukthus» på Bjørkedalen samstundes, så det er ikkje utruleg at dei hjelptest at med dette arbeidet. Det har til alle tider vore godt granneskap mellom folka i dei to tuna.
Da «nyehuset» kom opp vart det trivelegare butilhøve for folket i Steffågarden. Etter vår tid sin målestokk var det ikkje rare greiene, men slik mange småkårsfolk hadde det den gongen var dette betre enn hjå mange andre. Dette huset skulle få den ære å verte ein sentral del av Volda Bygdetun sine samlingar på Haueleite ca. ll0 år seinare. Det må ein rekne med at Steffen Karlson Mån hadde tykt var ærefullt.
Livet har til vanleg bade ljose og mørke dagar. Dei mørke dagane vitja også Steffen Karlson og huslyden hans. Den leide sjukdomen tuberkulose, eller tæring som folk flest kalla han, herja rundt i heimane. Dårleg hygiene og mangelfullt kosthald var oftast årsak til at farsotta spreidde seg. Først vart Rasmus sjuk og døde 30 år gamal. Nokre år seinare døde Sivert av same sjukdomen om lag på same alder. Denne tragedien slapp Steffen Karlson heldigvis å oppleve, for han døydde allereie i 1869, 65 år gamal. Kona, Johanne, døydde i 1879 då ho var 74 år.
Det er ting som tyder på at han tok til å verte utsliten og helselaus allereie før han var 60 år, for alt i 1864 tekk sonen Steffen Kornelius skøyte på garden for 300
spesidalar. Ein kan undrast på om det var slik at Steffen Karlson ikkje hadde lært å skrive, eller om det var på grunn av sjukdom at han skreiv under skøyte med påhalden penn.
No var det Steffen Kornelius Steffensen som var husbond på garden. Han hadde i 1863 vorte gift med Dorte Marie Torbjørnsdotter fra Lisjebakken pa Bjørneset. Desse to var ivrige jorddyrkarar som rydde mykje nytt åkerland pa garden. Mange av terassemurane og steingardane ein kan sjå på garden i dag er Steffen Kornelius og kona sitt verk. Solide gjerde trongst vel for å halde krøtera, og då særleg geitene, borte fra bømarka.
Det store brattelendte stykket lengst nord på bøen som var kalla Skylteigane, vart rydda for stein og krattskog til åker og eng av Steffen Kornelius. Den storfelte satsinga i det håplause terrenget gav folket på Sætre på andre sida av fjorden høve til på fleip å kalle nybrotet hans for «Havet». Men Steffen Kornelius fekk syne sæsskarane etter kvart kva seig vilje og trott kunne utrette, for «Havet» vaks år for år og tilsist hadde han fått dyrka opp seks dekar av den steinfulle utmarka.
Kornberg var ingen trygg plass for steinsprang frå fjellet. Av og til hende det at steinblokker frå overheng kunne rase ut og kome rullande nedetter fjellsida. Folket visste at faren var størst nørdst på bøen - heime ved husa var faren mindre. Men for å vere på den sikre sida, tok Steffen Kornelius seg i ferde med å setje opp ein vernemur nokre meter ovanfor husa. Det passa så vel med at han da tekk rydda bort steinen på stykket ovanfor husa. Stykket tekk seinare namnet Hagen fordi det etterkvart vart planta nokre bærtre og aplar her. Her kunne han velte steinen nedover bakken og sidan løde han opp i den veldige steinvoren som ligg her i dag.
Han søkte amtet om eit tilskot til dette sikringsarbeidet. Det har vore meg fortalt at han fekk 40 kroner som påskyning. Pengane sat ikkje laust hjå dei styrande den gongen heller. I høve til steinmassane som mannen hadde lødt opp med berre spett og våg til hjelp synest påskyninga lita, sjølv om pengeverdien den gongen var ein annan enn i dag.
Men Steffen Kornelius stelte ikkje berre med jord og gard. Vinterstida reiste karane ut i øyane på torskefiske. Dei hadde sitt eige båtlag i Kornberg og Nautvik med ein storebåt som karane eigde saman. Ute i Sævikane på Remøylandet hadde dei si eiga brakke, eller rorbu, som dei budde i. Tilhøva var svært primitive både når det gjaldt hus og mat.
Vis større kart
Brakka var kald og trekkfull, og sjølv om dei hadde med god, turr bjørkeved heimanfrå til å fyre med gjekk det vel ei god stund før det vart varme i huset når dei våte og frosne kom heimatt frå havet etter ei frisk segling. Maten hadde dei og med heimanfrå. Det måtte då vere slike ting som kunne tole å verte lagra ei tid. Av brødmat var det nok flatbrødet som stod seg best, men litt lefse hende det ogsa det fanst i skrinet. Til drikke hadde kvar mann med seg eit tol med sur mjølk eller myse som kunne stå seg lenge. Elles hadde dei med poteter og litt salta kjøt og flesk. For det meste var det fisk i ymse former det gjekk på til middagsmat. Fersk torsk med rogn og lever eller kams var god mat etter ein lang og hard dag på havet. Fisken flekte dei og salta når dei kom fra sjøen, og var det stor fangst gjekk det lang tid utetter kvelden for karane kom i seng. Tidleg neste morgon var det å kome seg på havet att dersom veret såg brukande ut. Når fisket var over i slutten av mars, kom ein eller fleire fiskeoppkjøparar og baud på fiskepartiet, og den som hadde høgste bodet fekk då tilslaget. Dei kjærkomne skillingane vart så delt mellom karane. Fiskeri er fiskeri. og ikkje alle år vart utbytte det dei hadde vona pa.
Kona, gamlefolket og ungeflokken som sat heime, gjekk ofte i otte for han som var på sjøen. Ofte kunne storm og snøkave kome som sleppt or ein sekk over dei spinkle farkostane, og diverre hende det alt for ofte at nokon vart att der ute.
Heime i Steffågarden på Kornberg var det elles nok à gjere for dei som heime var. Huslyden skulle ha sitt stell sjølv om husbonden var pà fiske. Alt av kle og husbunad elles skulle fornyast og stellast no i den stille årstida. Karding og spinning, veving, sying og spøting var arbeid dei stelte med så snart det var ei ledig stund. Dorte Marie var ei dugande kone. Ho var ein greidekam og eit rivjarn har dei som hugsa ho fortalt. Alltid var ho i sving med noko. og alltid passa ho pà at dei andre i huslyden hadde nok à henge fingrane i. Det hende jamvel at den heller godmodige Steffen Kornelius fekk seg ei skrape når ho syntes han ikkje nytta tida slik ho ville.
Fleire born kom til i ekteskapet. Først kom odelsguten i 1863. Han fekk namnet Steffen Johannes Laurits og kom seinare til å overta garden. I 1864 vart ei gjente som fekk namnet Johanne fødd. Ho døde berre ni àr gamal. Så kom ei giente til i 1870. Ho fekk namnet Tommesine og vart seinare gift til Hjellebakke i Austefjorden.
Steffen Kornelius vart i 1877 utsett for ei skyteulukke som han hadde mein av så lenge han levde. så lenge han levde. Dette hende pä bryllaupsdagen til enkja Anna Gurine i Karlagarden som gifte seg omatt med Lars Rasmusson Ekset. Då kyrkjebåten etter vigsla i Voldskyrkia kom opp under Kombergslandet att, skulle Steffen skyte salutt for brudeparet med eit gamalt munnladningsgevær. Han hadde nok lødt i meste laget, for den gamle børsa tolde ikkje påkjenninga og gjekk i knas mellom hendene hans.
Det har vore fortalt at han seinare var mykje plaga av skaden han fekk, og at det skulle vere ei medverkande årsak til at han døydde då han berre var 59 år gamal. Mannen måtte likevel ha hatt ein seig vilje, for han heldt ved som full mann saman med dei andre. Siste vintersfiskja rodde han i 1892 tre år før han døydde.
No var det Steffen Johannes sin tur til à verte husbond og gardbrukar i Steffågarden. Han fekk skøyte pa garden av mor si, Dorte, i 1897 for 2.250 kroner. Steffen var då ein vaksen mann på 34 år. Same året vart han gift med Karen Birgitte Olsdotter Lillebø fra Dalsbygda som då var 29 ar gamal. Gjennom oppveksten måtte Steffen Johannes ta del i alt arbeid som var vanleg på garden saman med foreldra slik skikk og bruk var. Dyrking og forbetring av jorda som faren var sa oppteken av smitta over på Steffen Johannes.
Den gongen gjekk borna i Kornberg og Nautvik på skule i Dravlausbygda. Ei ordning som var bade strabasiøs og ikkje heilt ufarleg i robåt over fjorden i alt slags ver. Det seiest at han merkte seg ut mellom hine elevane for sin hug til å lære og for sine gode evner.
Så vidt ein kan skjøne, hadde Steffen Johannes i sin tidlegaste ungdom meir sans for bøker og det som rørde seg på det åndelege omrâde, enn det reint matnyttige på garden og i båten. Han las og studerte det vesle som var tilgjengeleg for han om om nær sagt alle ting frå astronomi til plantelære. Han tileigna seg difor kunnskap om ting på ulike omrâde.
I 1888, da han var 25 år gamal lekk han høve til å gâ eit vinterkurs ved Sunnmøre Amtsskole som den gongen heldt til i Ulstein. Det vart ei rik tid for den kunnskapshungrige mannen, særleg fekk han god opplæring i morsmålet. Dette gjore at han for ettertida vart flink til å uttrykke seg skriftleg.
Han tenkte alvorleg på å satsee på skulevegen vidare, og i det høve vende han seg til soknepresten etter eit vitnemål for å kome seg inn på ein eller annan læreanstalt. Presten virka tverr og avvisande. Vitnemålet ville han ikkje høyre snakk om, og rådde han vidare til å skrinlegge skuleplanane «formedelst sin ringe byrd og stand». Sidan den dagen mislika Steffen Johannes alt som smaka av prest og kyrkje.
Steffen Johannes rodde attende til Kornberg og bestemte seg for å dyrke jorda og følgje i fotefara til forfedrane. Men den åndelege dimensjon og boklege lærdom han hadde vunne fram til, la han aldri bort. Difor vart han ein førar og føregangsmann i grenda.
Etter at han hadde gift seg og teke over garden, kom dei næraste krav meir inn på livet, og tilværet roa seg noko. Karen Birgitte var eit fint og roleg menneske som var klok nok til å bøye unda for den rådande svigermora ho skulle dele hus og bord med. Mor til Karen var frâ Karlagarden på Kornberg. Såleis vart desse to bruka no nærare samanknytte gjennom slektskap. Borna tok til å koma. Først guten i 1898 som fekk namnet Steffen Kornelius Demetrius. Han skulle seinare kome til â overta garden. l l899 kom Dagny Marie Josefine til verda. Ho vart gift på Kvangarsnes i Ulvestadbygda. Så kom Olea Pernille til i 1901. Ho vart gift på Heltne i Volda. Til slutt kom Ragna Anna Gurine i 1903 som vart gift til Vatne i Ørsta.
Eit par àr etter at Ragna vart fødd, råka tragedien huslyden i Steffågarden: Karen vart sjuk av tuberkulose. Etter å ha hangla med sjukdomen ei tid døydde ho i 1907. Grunnen til sjukdomen, vart det sagt, skuldast at ho etter å ha vore opp på fjellet og henta ei børe brenntorv hadde vorte gjennomvåt av sveitte, og så gått i dei våte kleda og vorte kraftig avkjølt. Geita sørgde for at det var lite skog på Kornberg den gongen, difor spadde folket torv oppe pà fjellet for å klare seg med brensel.
Så sat då Steffen Johannes att, saman med den aldrande mora, med fire mindreårige born. Det var sjølvsagt ein vanskeleg situasjon, men Steffen. som hadde eit godt humør og ein sterk vilje, kom seg giennom vanskane.
Etter eit par år la det seg slik til rette at han vart kjend med ei enkje som hadde røynt det same som han sjølv. Ho hadde mist mannen sin. som var fiskar, ved eit forlis på attendetur frå fiske ved Island. Ho var busett i Ulstein og hadde namnet Oline Marta Håkonsholm, men var fødd og oppvaksen på Heltne i Volda. Oline vart ei god kone tor Steffen og ei god strykmor for borna hans. Mellom svigermora Dorte og Oline var tilhøvet det beste, sjølv om dei budde i same stova og gjekk til same bord.
Både Steffen og Oline hadde i nittiåra, under dei urolege religiøse tilhøva i Voldabygdene, brote med prest og kyrkje og slege lag med den flokken som kalla seg «frie». Dei hadde sidan sin åndelege heim på Betel i Volda.
Det første Stetfen Johannes tok fatt på som eigar av garden var å forbetre fehusa. Han skøytte på løehuset i lengda, der fekk han gjødselkjellar under kufjøsen med etasjeskilje av betong, eit byggemateriale som den gongen berre så vidt var teke i bruk. Springvatn frå ei stabil vasskjelde oppe i utmarka fekk han installert både i stovehus og fjøs før hundreårskiftet. I tunet fekk han rigga seg til med hestevandring som drivkraft når kornet skulle treskjast. Jorddyrking og etablering av køyrevegar for at lette transporten på garden bala han jamnt med. I det bratte lendet måtte det oftast mur til både i sjølve vegen og mot terrenget pâ oppsida. Han hadde ein naturleg givnad for å mure og forme ting i gråstein.
Lenge hadde det vore eit sakn tor folket i Kornberg og Nautvik å ikkje ha veg verken til Folkestad eller mot Dalsfjorden. Gjennom den flogbratte Skarhammaren var det ei skarve rås der det til nød kunne leidast ei ku. Helst måtte ein då vere to mann der den eine støde kua.
I 1898 vart det skipa eit interessentselskap som på privat basis og tilskot frå det offentlege skulle få bygt veg mellom Straumshamn og Dale. Her vart Steffen Johannes vald som ein av leiarane i selskapet.
Mykje kunne ha vore fortalt om dette tiltaket. Det vart eit slit for dei som stod i brodden for arbeidet, og eit uttal av vanskar møtte dei etter kvart. Største vansken var nok å halde idealismen og engasjementet oppe hjå interessentane over fleire tiår. Folk vart som ventande kan vere leie av utlegg og gratisarbeid som stendig vart lagt på dei. At dei som var leiarar heldt ut, må ein berre undrast over, og særleg populære vart dei nok ikkje etter som åra gjekk.
Til sist kom vegvesenet meir inn i biletet og da letna det noko. Vegen mellom Folkestad og Kornberg var køyrande i midten av tjueåra, men først i 1938 var vegen frå Straumshamn til Dale ferdig til overlevering. Dit hadde det gått 40 år med slit og slep for å få farande veg.
Av andre ting Steffen engasjerte seg i, var å få til gravstad med kapell på Folkestad. Folket på Komberg og Nautvik visste kva bal det var å fare med open båt over fjorden til Volda for å få sine kjære gravlagde. No dei hadde fått brukande veg til Folkestad, var det naturleg for dei å ha gravstad på Folkestad. Etter det ein kan forstå, stod det strid om kvar gravstaden skulle ligge. Steffen Johannes høyrde til den flokken som gjekk hardt inn for den staden som vart vald. I ettertid har vel alle vore nøgde med denne plassen.
I si eiga vesle grend stod han i brodden for så mange tiltak. Det første, og kanskje det viktigaste, var eige skulehus i krinsen. Før hadde skulen gått pà omgang i husa med eit par veker på kvar gard. Steffen søkte dei rette kanalane hjå dei styrande, og fekk etter mykje mas lovnad på at dei skulle få sitt eige skulehus. Visst måtte dei gjere mykje dugnadsarbeid før alt var i stand, men gleda var stor da huset kunne takast i bruk i 1910.
Elles fekk han til innkjøpslag, der gardbrukarane i den vesle grenda kunne kjøpe inn i fellesskap slikt som gjødsel, formjøl, parafin og anna for å gjere varene rimelegare.
Eit anna fellestiltak han stod føre var innkjøp av treskjemaskin med ein Tennfjordmotor til drivkraft. Vidare stelte han vel med storebàten dei hadde felles til a drive fiske med på havet vinterstida. Dei hadde eige naust til denne båten, og både båt og hus matte ha sitt stell og tilsyn.
Politikk og bygdestyring heldt han seg borte frå. Han vart ofte spurt om â stille til val, men bad seg alltid fri. Men det som han tok pa seg à utføre. gjorde han alltid ifrå seg pa ein sjeldan samvitsfull måte.
Han var flink å skrive og skreiv både ættesoge og andre ting av verdi for ettertida. Mellom anna finst det dagbøker etter han frå den tida han gjorde militærteneste på Nordfjordeid, frå tida på amtskulen i Ulstein og frå fleire av vinterfiskjene i l890-åra. Han skreiv då på det stive dansk/norske målet han hadde
lært som barn og ungdom, men da landsmålet vann rom mellom folket her, lærde han seg å bruke dette. Når det var saker som engasjerte han, var han ikkje redd for å svare for seg i avisene. Det han skreiv var alltid godt underbygt og klart framstilt.
Då spørsmålet om frådeling av Dalsfjord som eige herad vart teke opp i 1916, vart det ein heit diskusjon om kvar dei nye kommunegrensene skulle gå. Dalsfjordingane meinte at det nye heradet måtte omfatte bygdene trå Velsvik til og med Nautvik/Kornberg.
Steffen var sterkt imot at den vesle grenda hans skulle kome med i den nye kommunen. Han meinte at dei framleis måtte få høyre til Volda, då da det var naturlegast for dei, no det snart var ferdig veg til Folkestad å orientere seg dit. Det merkelege i saka var at dei andre i grenda ikkje var samde med han. Truleg kom det av påstander Iià dalsfjordingane om kor utruleg mykje skatt dei kunne spare ved åt kome med i den nye kommunen.
Steffen engasjerte seg hardt i striden for det han meinte var fornuftig og rett. I avisene gav han sitt syn til kjenne i krasse innlegg, og fekk like krasse innlegg i retur. Han snakka med folk han meinte kunne ha innverknad pa saka og agiterte for sitt syn. Protest og bøneskriv til departementet som hadde siste ordet i saka, fekk han og sendt. Ja, han sette saka så på spissen at han i tiltelle det ikkje vart bøygd av, ville han krevje at den nye heradsgrensa skulle gå etter bytelina mellom dei to bruka på Kornberg. På den maten kunne Steffå-garden framleis høyre til Volda kommune.
Enden pà striden vart at heradsgrensa vart sett i Nautvikstranda i bytet mellom Rotsetvik og Nautvik. Veslegrenda fekk såleis framleis høyre til Volda kommune. Den dagen Steffen Johannes fekk bod om denne avgjerda, seiest det at han fann fram flagget og let det gâ til topps.
Dette var første gongen han hadde hatt usemje med grannane sine, og så vidt ein kan sjà i etterlatne skriv, gjekk dette hardt inn på han. Etter som åra gjekk, viste det seg at det var Steffen som såg lengst inni framtida i denne saka. og tilhøvet til grannane besna med kvart.
Jau. han kunne nok vere «stirrig» og einvis når det var noko han heldt for sant og rett - då var han ikkje til â rikke. Det er difor ikkje så mykje å undrast på at han fekk sine motmenn, og av enkelte vart sett på som litt av ein original.
Sitt utoververande og vitelystne lag hadde han all sin dag. Alltid hadde han glede av å følgje med i avisene og treffe folk så han kunne frette nytt. Då han fekk seg radio i 1938 og fekk dagsnytt inn i stova fleire gongar for dag, syntest han
det meste var bort imot fullkome.
Steffen døde i 1946, 83 år gamal.